AvdelingsdirektørVil du leie kunnskapsarbeid om innovasjon og utvikling i distrikta?Om stillingaVi søkjer ein avdelingsdirektør som vil bidra til innovasjon og utvikling i Distrikts-Noreg.Som leiar i Avdeling for tenester i lokalsamfunn, vil du mellom anna ha ansvar for arbeid med distriktskommunar si evne til innovasjonsarbeid, næring- og bustadutvikling i distrikt. Du vil også få ansvar for forvaltning og vidareutvikling av Merkur-programmet - ei kompetanse og tilskotsordning for små butikkar i distrikta. Avdelinga har 10 medarbeidarar og følgjer opp 10 eksterne konsulentar som har butikkar og kommunar over heile landet som målgruppe.Stillinga har kontorstad på Leikanger i Sogndal, men du vil ha ansvar for medarbeidarar på alle dei tre kontora våre, i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger.Avdelinga har tett samarbeid med kommunar, fylkeskommunane, statsforvaltarar over heile landet, og jobbar saman med andre statlege verksemder som t.d. Husbanken for å utvikle kunnskap, arbeidsmåtar og verkemiddel som skal utgjere ein forskjell for brukarane våre.Som avdelingsdirektør vil du få ansvar for å:
styrke samhandlinga mellom statlege, kommunale og private aktørar for utvikling av eit framtidsretta tenestetilbod i distrikta.
forvalte og vidareutvikle Merkur-programmet.
delta aktivt i leiargruppa og bidra til ein samordna og godt koordinert organisasjon.
sikre kvalitet i avdelinga sine leveransar og vere pådrivar for kunnskapsutvikling.
å leie engasjerte kunnskapsmedarbeidarar.
Vi ser etter deg som:
har relevant høgare utdanning på masternivå. I særskilde tilfelle kan relevant erfaring kompensere for utdanningskravet.
har solid leiarerfaring, helst frå offentleg sektor.
kjenner kommunen, fylkeskommunen og statsforvaltar sine roller som samfunnsutviklarar godt.
lar deg engasjere for god samfunnsutvikling i distrikta.
Personlege eigenskapar vi legg vekt på:
Du er ein løysingsorientert, tydeleg og trygg leiar.
Du er analytisk og strategisk i dine prioriteringar.
Du har har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Du kjenner deg att i verdiane våre – kompetent, engasjert og folkeleg.
Det er en fordel om du har:
Innsikt i korleis digitalisering kan bidra til nye løysingar og effektivisering.
Meir om DistriktssenteretI Distriktssenteret får du:
godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
ei spennande leiarstilling med nasjonalt samfunnsoppdrag
varierte arbeidsoppgåver der utviklingsarbeid og tett samarbeid med lokale, regionale og nasjonale aktørar er prioritert
fagleg utvikling, fleksibel arbeidstid og familievennleg personalpolitikk
trening i arbeidstida
medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar
konkurransedyktig løn
Gjer deg meir kjent med oss på distriktssenteret.noDistriktssenteret - Kompetansesenter for distriktsutviklingDistriktssenteret er ei statleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!