Psykologspesialist/ psykolog

  • Hjelset, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer no etter psykologspesialist/ psykolog i spesialisert habilitering.Seksjonen vår er lokalisert i eit flott, nytt sjukehusbygg på Hjelset, ca 2 mil frå Molde sentrum og ca 5 mil fra Kristiansund sentrum. Det er gode bussforbindelser for den som vil reise kollektivt. Seksjonen gir eit poliklinisk og ambulant tilbud til innbyggerane i Nordmøre og Romsdal.Vår målgruppe er vaksne med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skader i nervesystem eller bevegelsesapparat. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, kor både individet og konteksten vert vurdert.Vi har til saman 20,5 stillingar og er tverrfagleg bemanna, der alle tilsette har vidareutdanning/ spesialisering innan ulike område relevant for fagfeltet habilitering. Vi har pr i dag ansatt to psykologar og du vil bli den tredje. Vi er organisert i avdeling for sjukehuspsykiatri, og er samlokalisert saman med akuttpsykiatri, sikkerhetspsykiatri, alderspsykiatri og seksjon for utgreiing og behandling. Seksjonane har eit godt fagleg samarbeid og det er lett å ta kontakt på tvers av fagområder, både mot psykisk helse og somatiske avdelingar.Arbeidsoppgåver
  • Spesialisert utgreiing, diagnostisering og behandling
  • Utadretta verksemd med rettleiing og rådgjeving til samarbeidspartnarar
  • Pasient- og pårørandeopplæring
  • Tverrfagleg samarbeid og deltaking i team, kompetansegrupper og andre aktuelle forum
  • Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Psykologspesialist innan klinisk psykologi, nevropsykologi eller habilitering
  • Psykologar i spesialiseringsløp kan også søkje
  • Erfaring med målgruppa
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metoder innan rettleiing
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverkemd
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Må ha førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr
  • Eit spennande fagområde som er i utvikling
  • Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tilrettelegging for kompetanseutvikling
  • Fleksitidordning og sjølvstende i planlegging av eigne arbeidsdager
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.Kontaktinformasjon Hilde Husby, Seksjonsleiar, +47 415 54 505,Arbeidsstad Opdølvegen 4
6450 HjelsetNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4997627330
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025Kontaktperson for stillingenHilde HusbySeksjonsleiar+47 415 54 505Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss påSektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Psykologspesialist/psykolog

    Helse Møre og Romsdal

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du vere med på laget vårt? Habilitering for barn og ungdom ved SNR Hjelset sjukehus har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist/psykolog frå 15.09.25 …
    • 7 dager siden
  • Psykologspesialist/ psykolog

    Helse Møre og Romsdal

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer no etter psykologspesialist/ psykolog i spesialisert habilitering. Seksjonen vår er lokalisert i eit flott, nytt sjukehusb…
    • 16 dager siden