Psykologspesialist/psykolog

Helse Møre og Romsdal

  • Hjelset, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Om stillingaVil du vere med på laget vårt?Habilitering for barn og ungdom ved SNR Hjelset sjukehus har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist/psykolog frå 15.09.25
Habilitering for barn og ungdom i har eit tverrfagleg team som består av lege, psykolog/psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, vernepleiar, pedagog og merkantilt personale. Vi arbeider i tverrfaglege team med diagnostisering, oppfølging/behandling, rettleiing og pasientopplæring. HABU har utstrakt samarbeid med kommunale tenester, og store delar av tenesta er ambulant. Målgruppa vår er born med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom, som har behov for tverrfaglege habiliteringstenester på spesialistnivå.Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:10.09.2025Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:HjelsetStillingstittel:Psykologspesialist/psykologStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4989310494Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing og diagnostisering
  • Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utgreiing og behandling/oppfølging
  • Pasientopplæring
  • Oppfølging av foreldre/føresette
  • Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnarar
  • Delta i fagutvikling og forsking
  • Ambulant arbeid er ein viktig del av oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B). Vi har tenestebilar til disposisjon
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
  • Psykologer på lisens kan søkje og bli vurdert for stillinga
  • Erfaring og kjennskap til utgreiing og oppfølging av HABU sine målgrupper
  • Kunnskap om barn/unge med psykisk utviklingshemming, tidleg erverva/medfødde skadar og samansette vanskar er spesielt ønskjeleg
  • Erfaring og kompetanse innan utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
  • Evne til å rettleie fagpersonar i førstelinjetenesta
  • Meistre norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Du har heilskapsforståing
  • Du utviser fleksibilitet
  • Du er strukturert og målretta, og har evne til sjølvstendig planlegging
  • Du har gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg miljø
Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga, vil bli vektlagt ved tilsettingVi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Adresse: Opdølvegen 2, 6450 Hjelset, NorgeKontaktinformasjonAnne Helene Marøy UlvestadSeksjonsleiarE-post: Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal

Lignende stillinger

  • Psykologspesialist/ psykolog

    Helse Møre og Romsdal

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer no etter psykologspesialist/ psykolog i spesialisert habilitering. Seksjonen vår er lokalisert i eit flott, nytt sjukehusb…
    • 16 dager siden
  • Psykologspesialist/ psykolog

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer no etter psykologspesialist/ psykolog i spesialisert habilitering. Seksjonen vår er lokalisert i eit flott, nytt sjukehusbygg på Hjelset,…
    • 16 dager siden