Helsefagarbeidar institusjon

Aurland kommune

  • Aurland, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 19 dager siden
Helsefagarbeidar institusjonMe treng dei beste til dei eldste. Sjå her helsefagarbeidarar!Om stillingaMe har ledig eit vikariat i 100% stilling som helsefagarbeidar ved Aurland helsetun frå snarast. Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, korttid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Vi har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.Aurland helsetun er organisert under kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det likevel ikkje for deg, så søk stillinga likevel. Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.Arbeids- og ansvarsområde
  • varierte arbeidsoppgåver mellom anna som primærkontakt
  • faglege oppgåver som: medikamenthandtering etter delegering frå avdelingsleiar,
  • sårstell etter opplæring
  • miljøarbeid og aktivitetar med pasientane
  • samarbeide om og fylgje opp tiltaksplan
  • vurdering og kartlegging av behov
  • dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
  • rådgjeving og rettleiing til assistentar
  • tverrfagleg samarbeid med andre som fysioterapaut, heimesjukepleien, o.a.
I tillegg kan avdelingsleiaren og sjukepleiarane delegere fleire interessante oppgåver.Me tilbyr
  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • løn etter etter tariff
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • funksjonstillegg til praksisrettleiar
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • gratis inngang til symjehallen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vårKvalifikasjonar
  • Du må ha fagbrev som helsefagarbeidar, eller tilsvarande utdanning, men andre kan også søkje. Du bør ha erfaring frå arbeid med brukargruppa, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
  • Du bør kommunisere og snakke godt norsk
Personlege eigenskaparMe søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert. Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar, og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato
Krav til språkDu bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.Generell informasjonAurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.Om ossAurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurantar, kaféar, bryggeri, og bakeri.

Aurland kommune

Lignende stillinger

  • Ergoterapeut - helse og omsorg

    Aurland kommune

    • Aurland, Vestland
    Ergoterapeut - helse og omsorg Brenn du for å hjelpe andre med ulike utfordringar? Då har du sjanse til å få jobb hjå oss no! Om stillinga Vi har ledig 100% fast stilling som…
    • 21 dager siden