Ergoterapeut - helse og omsorg

Aurland kommune

  • Aurland, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 19 dager siden
Ergoterapeut - helse og omsorgBrenn du for å hjelpe andre med ulike utfordringar? Då har du sjanse til å få jobb hjå oss no!Om stillingaVi har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut i kommunalområde helse og omsorg i Aurland kommune. Ergoterapitenesta er veletablert i kommunen, og det er tett samarbeid mellom ergoterapeut og andre tilsette i helse og omsorg.Stillinga krev god samhandlingskompetanse og er spennande for deg som likar å koordinere. Du vil også ha ansvar for at brukarane får sjanse til å delta i meningsfull aktivitet og ha eit godt tilpassa kvardagsliv.Stillinga er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og er for tida lokalisert i fjordsenteret på Onstad som ligg fint til ved Aurlandsfjorden.Aurland kommune er i ein heilskapleg omstillingsprosess, der organisasjonsutvikling står sentralt.Arbeids- og ansvarsområde- habilitering, rehabilitering, helsefremjande og førebyggjande arbeid- koordinering og tverrfagleg samarbeid- rettleiing av brukar, samarbeidspartnarar og pårørande- dokumentasjon og elektronisk sakshandsaming- formidling av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen, samt tilpassing og oppfylging av desse- vere kommunen sin kontaktperson opp mot NAV hjelpemiddelsentral, inkludert syns, høyrsel og rørslekontakt- sakshandsame søknadar om parkeringsløyve og følgjekort- leiar av bustadtilpassingArbeidet vert mellom anna utført i heimen til brukarane, institusjon, skular, barnehagar.Andre oppgåver kan bli lagd til stillinga.Me tilbyr
  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • Løn etter tariff
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
  • Gratis inngang til symjehallen
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe jobb til partnar
Tenestebil (kan vere aktuelt å nytte eigen bil)Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vårKvalifikasjonar- Bachelor i ergoterapi med norsk autorisasjon som ergoterapeut- det er ynskjeleg med erfaring frå kommunal ergoterapiteneste, kvardagsrehabilitering, hjelpemiddelformidling og tverrfagleg samarbeid- erfaring frå sakshandsaming- gode datakunnskapar - kommunen nyttar Visma Profil- kjennskap til NAV hjelpemiddelsental sine verkemiddel og sakshandsaming.- gjennomført kurs i hjelpemiddelformidling i regi av NAV hjelpemiddelsentral- førarkort, klasse B, for personbil.Vi oppmodar ergoterapistudentar om å søke.Personlege eigenskaparLøns- og tilsetjingsvilkårTilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.Gode pensjons- og forsikringsordningar.Etter helse og omsorgstenestelova § 5-4 må du levere godkjent politiattest ved tilsetjing.Generell informasjon om søknadsprosessenAurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.Om ossAurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Aurland kommune

Lignende stillinger

  • Helsefagarbeidar institusjon

    Aurland kommune

    • Aurland, Vestland
    Helsefagarbeidar institusjon Me treng dei beste til dei eldste. Sjå her helsefagarbeidarar! Om stillinga Me har ledig eit vikariat i 100% stilling som helsefagarbeidar ved Au…
    • 17 dager siden
  • Avdelingsleiar heimebasert omsorg - 100% fast stilling

    Lærdal kommune

    • Lærdal, Vestland
    Ynskjer du deg ein spanande leiarjobb med faglege utfordringar, og moglegheit for utvikling? Då ser me etter akkurat deg! Pleie og omsorg i Lærdal kommune skal tilsetje avdelings…
    • 5 dager siden