Jobb i vakre omgjevnader - fast 100 % stilling for lege
RODE KORS HAUGLAND REHABILITERINGSSENTER AS
Vestland
Fast
Fulltid
7 timer siden
Hva vi ser etterVi er overtydde om at alle menneske har ressursar -- sjølv etter skade eller sjukdom. I vår behandling er det desse ressursane vi vel å fokusere på. Vi jobbar intensivt og tverrfagleg, og er ein del av spesialisthelsetenesta. Som lege hos oss blir du ein nøkkelperson i eit breitt fagmiljø med høg kompetanse og eit felles mål: å gi pasientane betre livskvalitet og meistring i kvardagen.Vi ser etter deg som har;· Evne til å arbeide sjølvstendig og i team· Engasjement for samhandling og kompetansedeling· Blikk for ressursar og evne til å motivere og funksjonsvurderingarArbeidsoppgaver· Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid· Medisinske vurderingar og journalføring· Undervisning og rettleiing· Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid· Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetarVi tilbyr· Familievennleg arbeidstid: 08--15.30, utan vakter eller helgearbeid· Sterkt fagmiljø med tverrfagleg samarbeid og internundervisning· Fagleg utvikling: Kurs, vidareutdanning, hospitering og forskingsmoglegheiter· Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar· Hjelp til bustad og gode velferdstilbod· Ein jobb med meining -- i naturskjønne omgjevnaderKontaktperson for stillingenMarte UlltangKlinikkleiar99507591Kopier telefonnummerOm bedriftenRøde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Vi har omlag 75 årsverk, av desse er 3,0 legestillingar. Det kjem årleg kring 1000 pasientar til behandling individuelt eller på gruppe, fordelt på ni ulike ytingar; kreft, nevrologiske og nevromuskulære sjukdomar, hjerneslag og erverva hjerneskade, sanseforstyrringar, samansette og komplekse tilstander, sjukeleg overvekt, kroniske muskel- og bløtdelssmerter og arbeidsretta behandling. I tillegg har vi gruppetilbod for barn og unge innan ytinga tilpassa fysisk aktivitet, familie og utdanning.Vi ligg i Flekke i Fjaler kommune, ein tettstad med nærheit til barnehage, skule, samt vidaregåande. Det tek ca. 45 minutt med bil til næraste flyplass og du kan vere i Oslo etter 1 time i fly. Om du ønsker å køyre til Bergen, tek dette om lag 3 timar. Helgependling er mogleg.SektorPrivatNettsted