Avdelingsleiar

Vestland fylkeskommune Se alle jobber

  • Knarvik, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 24 dager siden
ArbeidsoppgåverSom avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon. Du set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.Du har personalansvar for dei tilsette i avdelinga, og ansvar for timeplanarbeid og vikarhandtering. Du vil jobba med pedagogisk og fagleg utvikling og ha tett samarbeid med dei andre avdelingsleiarane.Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med trygt og godt skulemiljø.KvalifikasjonarKrav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
Ønskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring
Ønskjeleg med utdanning i fag som avdelinga tilbyr
God kunnskap om vidaregåande opplæring
Kjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements, itslearning er ein fordel.Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skulePersonlege eigenskaparDu likar å jobbe med ungdom!
Du er ein synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit
Du er strukturert og sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft
Du er utviklingsorientert
Du lyttar til medarbeidarane dine og er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon
Du er ein samlande leiar som skaper oppslutning
Du er god på å samarbeide
Du er god til å byggje relasjoner
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagdVi tilbyrEin spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skule
Eit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer
Ein skule med ambisjonar på vegner av elevane
Gode offentlege løns- pensjons- og forsikringsvilkår
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule
Leiarutviklingsprogram i regi av VLFK
Moglegheiter for videreutdanning innan leiing (rektorutdanning)Adresse: Juvikstølen 9, 5916 Knarvik, NorgeKontaktinformasjonUlrik SchutzRektorHilde Fiske HugaasAss. RektorOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Avdelingsleiar

    Vestland fylkeskommune

    • Knarvik, Vestland
    Om stillinga Knarvik vidaregåande skule har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar. Du blir del av skulen si leiargruppe med rektor, ass. rektor, og 7 andre avdelingsleiara…
    • 24 dager siden
  • Avdelingsleder

    Askøy kommune

    • Askøy, Vestland
    Avdelingsleder Kleppegrend oppfølgingstjeneste - Boligsosial enhet Askøy kommune Om stillingen I Kleppegrend oppfølgingstjeneste har vi 100 % ledig stilling som avdelingsleder.…
    • 22 dager siden
  • Avdelingsleder

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Arbeidsoppgaver Ansvarlig for å etablere avdelingen i tråd med strukturen som ligger til grunn i de to andre avdelingene, og samarbeide om at avdelingene gir like tjenester Sam…
    • 4 timer siden