Stipendiat i matematikkdidaktikk

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 14 timer siden
UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video:Stipendiat i matematikkdidaktikkVed er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i matematikkdidaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der det fjerde året består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.Om prosjektet/arbeidsoppgåverPh.d.-stipendiaten vil bli inkludert i instituttet si forskargruppe i matematikkdidaktikk. Emnet for ph.d.-prosjektet skal ligge innanfor rammene av det matematikkdidaktiske forskingsområdet. Instituttet har som særleg ønskje å utvikle området utdanningsforsking og forsking om undervisning og læring i på både ungdomstrinnet, vidaregåande skule og skjeringa mellom vidaregåande skule og grunnemneutdanning i matematikk ved instituttet. Andre tema innanfor matematikkdidaktikk er også relevante, for eksempel teknologi, algoritmisk tenking og tverrfagleg tilnærming i matematikkfaget.Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i matematikk, matematikkdidaktikk eller tilsvarande, til dømes lektorutdanning med realfagleg masteroppgåve eller ein mastergrad i eit realfag gjennom PPU eller liknande. Masterstudentar må ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • God kompetanse innan matematikk på høgt nivå (universitetsnivå) er eit krav.
  • Undervisningserfaring i matematikk og/eller kompetanse innan matematikkdidaktikk er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Om stillinga som ph.d.-stipendiatOm stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er fire år, der 25 % av tida er karrierefremmande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi tilbyr
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.
) * eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: postdoktor Morten Munthe, UiB, eller førsteamanuensis Johan Christoph Kirfel, UiB,For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på eller 55 58 47 70.Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen .Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video:Kontaktperson for stillingenKaroline ChristiansenHR rådgjevar+4755584770Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. ogSektorOffentligNettsted

NAV