Forsker 1108 i informatikk - berekningsbiologi

Universitetet i Bergen

  • Bergen, Vestland
  • kr 557.100-594.500 pr år
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Forsker 1108 i informatikk - berekningsbiologiKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Forskar 1108 i informatikk - berekningsbiologiVed er det ledig ei mellombels stilling som forskar 1108 innan informatikk – berekningsbiologi.Stillinga er for ein periode på 10 månader og knytt til prosjektet “Combining cutting edge technologies for target discovery in brain tumors”. Vi er på utkikk etter kandidatar som kan starte raskt, helst i midten av mai.Om prosjektet/arbeidsoppgåverArbeidsstaden for denne stilling vil vere ved CBU, i gruppa for “Causal inference in computational and systems biology” gruppa leia av professor Tom Michoel. Arbeidet vil bidra til CBU’s forskningstema “Matematisk modellering” og “Presisjonsmedisin”, og det vil bli utført i nært samarbeid med forskarar ved Institutt for biomedisin og Haukeland universitetssjukehus.Det overordna målet med prosjektet er å identifisere nye legemiddelmål/legemidlar for glioblastoma (GBM), den mest vondarta og mest hyppige primære hjernesvulsten. Dette skal gjerast ved å kombinere gjennombrottsteknologiar frå maskinlæring (ML), bioinformatikk, enkeltcelle- og romleg transkriptomikk, organoider og bioteknologi.Personen som blir utnemnt til denne stillinga, vil bruke kausal inferens og ML-algoritmar for å identifisere kausale genregulatoriske nettverk hos GBM-langtidsoverlevande samanlikna med korttidsoverlevande. Disse nettverka vil bli kopla til spesifikke tumor-/stromale subpopulasjonar ved å analysere data frå enkeltcelle- og romleg transkriptomikk.Meir informasjon om forskingsgruppa kan finnes påKvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd ei mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk, maskinlæring, bioinformatikk eller relatert fagområde, og ha fleire års erfaring innan forsking
  • Erfaring med kausal inferens er eit krav.
  • Erfaring med maskinlæring er eit krav.
  • Erfaring med minst eit programmeringsspråk er eit krav (Julia, Python, C, C++).
  • Erfaring frå analyse av genomikk og transkriptomikk data er eit krav.
  • Erfaring frå analyse av enkeltcelle/romleg transkriptomikk data er ein føremonn.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid mellom informatikkarar og biomedisinske forskarar er ein føremonn.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Vi kan tilby:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som forskar (kode 1108 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 557 100 – 594 500 (svarar til lønssteg 57-61) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode
Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar..
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:l.For HR-relaterte spørsmål ta kontakt medDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessenOm Universitetet i BergenUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. og

Universitetet i Bergen