100& stilling som vernepleiar/sjukepleiar i langvaktsturnus ved Eidesbrotet bofellesskap

ULLENSVANG KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON ODDA

  • Odda, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 timer siden
Ledig stilling som vernepleier/sjukepleier i langvaktsturnus ved Eidesbrotet bufellesskapUllensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig 100% fast stilling som vernepleier/sjukepleier i turnus ved Eidesbrotet bufellesskap. Du går inn i ei langvaktsordning (13-14 timer) med moglegheiter for lengre friperiodar. Arbeid kvar fjerde helg inngår i stillinga.Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar, både i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og leggje til rette for brukermedverknad i trygge omgjevnader.Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakar skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.HovudarbeidsoppgåverMålretta miljøarbeidLegemiddelhandteringVeiledningVarierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.Yte tenester etter gjeldande vedtakBidra til eit godt arbeidsmiljøUtarbeide og følge opp interne rutinar i samarbeid med leiarDokumentasjon i gjeldande IT verktøyMe ser etter deg som:
  • har gode samarbeidsevner og er fleksibel og positiv til endringar
handterer uforutsette situasjonar på ein faglig og etisk forsvarleg måteliker å vere i fysisk aktivitet, kunne gå turar og følge brukarane på ulike aktivitetar.meistrar norsk skriftleg og munnlegErfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personlig skikka til stillinga.Me tilbyr:Spennende faglige utfordringar og meningsfylte arbeidsoppgåverOpplæring og rettleiingDyktige, inkluderande og løysingsorienterte kollegaerLønn etter hovudtariffavtalenRekrutteringsavtaleFor vernepleiar og sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tarifflønn.I tillegg rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar:
Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000.- Etter 2 års teneste vert det på ny utbetalt kr. 30 000.-Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.Sletting av utdanningsgjeld/studielån:Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e-post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenSimona JurkieneAvdelingsleiar+47 46905658 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriften- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49SektorOffentlig

ULLENSVANG KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON ODDA