
Jobb i barnehage - open søknad
- Norheimsund, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Gje omsorg, ha tilsyn og vera i leik med enkeltbarn og/eller barnegrupper
- Tilretteleggja for, leia og delta aktivt med barna i aktivitetar og rutinesituasjonar
- Vera ein god rollemodell
- Bidra til eit godt foreldresamarbeid
- Samarbeida med andre og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Lyst og motivasjon for arbeid i barnehage
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Relevant utdanning og/eller praksis, som feks barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Gode norskkunnskapar; bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i lese-, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- Du er påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Du er fleksibel og ansvarsfull
- Du møter barn, kollegaer og føresette på ein respektfull og inkluderande måte
- Du er leiken og likar å vera aktiv i samspel med barn
- Du trivst ute i alle årstider
- Ein interessant og utviklande jobb i godt og fagleg arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter til å påverka eigen arbeidsdag
- Opplæring
- Flotte, nye lokale med fine uteområde og nærmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
5620 Tørvikbygd
NorgeØystese
Øystese
NorgeÅlvik
Ålvik
NorgeKontaktinformasjonAnn Christin OlsenAdministrasjonsmedarbeidar barnehageEvy BekkeslettenAdministrasjonsmedarbeidar barnehageIngunn MoLeiar for barnehageOm arbeidsgivarenOppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!