Jobb i skule - open søknad

Kvam herad

  • Norheimsund, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 2 måneder siden
Arbeidsoppgåver
  • Arbeid med enkelt elev og/eller elevgrupper både i skule og i SFO
  • Tilrettelegga og delta i aktivitetar saman med elevane
Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærarutdanning
  • Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
  • Anna relevant utdanning og praksis vert også vurdert
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i skule og/eller SFO
  • Du er fylt 18 år
  • Kvam herad vil i periodar ha trong for personar som kan undervisa i tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring. I tillegg til kvalifikasjonane som er nemnt over, vil difor det å vera fleirspråkleg vera ein kompetanse som er særleg aktuell i periodar. Behovet og type språk vil variera.
  • Ved tilsetjing i vikariat må det leverast politiattest etter Opplæringsloven § 10-9. Politiattesten må vera av nyare dato, og ikkje eldre en 3 månader.
  • Legg gjerne inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
  • Me søkjer vikarar som kan vera tydelege vaksne, og gode rollemodellar for elevane
  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring vert gitt
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningarGenerell informasjon:
  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.Adresse: Norheimsund, NorgeStrandebarm
NorgeKontaktinformasjonInga Lill Jensen ToloLeiar for skuleGrethe Steine SjursenHR-konsulentOm arbeidsgivarenOppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!

Kvam herad

Lignende stillinger

  • Jobb i skule - open søknad

    Kvam herad

    • Norheimsund, Vestland
    Om stillinga Grunnskulane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar gjennom skuleåret. Er du interessert i arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i skule så er du velkomen til å…
    • 2 måneder siden
  • Jobb i barnehage - open søknad

    Kvam herad

    • Norheimsund, Vestland
    Om stillinga Har du lyst å vera med å skapa gode barndomsminne og livsglede for barnehagebarn i Kvam? Barnehagane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar og me treng deg med …
    • 2 måneder siden
  • Jobb i barnehage - open søknad

    Kvam herad

    • Norheimsund, Vestland
    Arbeidsoppgåver Gje omsorg, ha tilsyn og vera i leik med enkeltbarn og/eller barnegrupper Tilretteleggja for, leia og delta aktivt med barna i aktivitetar og rutinesituasjonar …
    • 2 måneder siden