Lege i spesialisering- Gastrokirurgi
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
15).I arbeidet som LIS inngår vakt, visitt, administrative legeoppgåver, poliklinikk og operasjonar. Undervising og forsking er viktige oppgåver i avdelinga. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg.Kirurgisk klinikk har eit tilbod innan kirurgi til pasientar med alminnelege lidingar og til pasientar med meir kompliserte tilstandar. Pasientane våre kjem frå lokal- og regionalområdet i Helse Vest. Brannskadepasientar kjem frå heile landet.Det er 5 avdelingar i Kirurgisk klinikk:Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
Avdeling for gastrokirurgi
Avdeling for karkirurgi
Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
Avdeling for urologiI tillegg Traumesenteret med oppgåver lagt til Haukeland universitetssjukehus som regionalt traumesenter for Vestland og Rogaland.Arbeidsoppgåver
- Deltaking i den til eikvar tid gjeldande vaktordning
- Ein viser for øvrig til utdanningsplan
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i gastrokirurg
- 2 års erfaring innan gastrokirurgi
- Relevant sjukehuserfaring
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta med arbeidsoppgåver
- Er ansvarsbevisst og pasientorientert
- Kan prioritere når situasjonen krev det
- Har respekt for den enkelte pasient og kollega
- Har gode kommunikasjonseevner
- Er løysingsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er lojal og trivast med tverrfagleg teamarbeid
- Må trivast i eit aktivt miljø med høgt volum av pasientar
- Har eit sterkt ønske vedvarande utvikling, både personleg og for avdelinga
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode moglegheiter for å få fylt operasjonslista for deg som har noko kirurgisk erfaring/god operasjonsteknisk praksis
- Høgt fagleg nivå med moglegheiter for forsking
- Fagleg og personleg utvikling
- Sjukehuset har 4 barnehagar og moglegheiter for sjukehusbustad
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift
5021 BergenNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5113935189
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.04.2026Kontaktperson for stillingenThomas GeisnerAvdelingssjef95217532Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted