Lege i spesialisering i onkologi
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Legar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning
- Det er p.t. 26-delt tilstadesvakt
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i onkologi
- For vikariat kan cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Anna som blir lagt vekt på er vitskapelege merittar og evner
- Dokumentert relevant erfaring
- Er effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid
- Forstår raskt komplekse spørsmål og problem
- Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte
- Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølging av pasienten
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse
- Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møte menneske i krise på ein god måte
- Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne
- Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve
- Stillingane passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet
- God opplæring og rettleiing av erfarne legar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø
- Sideutdanning tilknytt spesialistforløpet i onkologi
- Eigen rotasjonsordning for indremedisin sideutdanning
5021 BergenNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Bergen HFReferansenr.: 5101830204
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 11.05.2026Kontaktperson for stillingenMartin PilskogAss. seksjonsleiar41760139Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted