Elva Hotell \& Restaurant, Voss. Designhotell med gourmetrestaurant
ELVA HOTELL
Vestland
Fast
Fulltid
2 dager siden
For English text - please go directly to our webpage: https://www.elva.no/jobs/Vil du være med å sette Voss på matkartet? Elva Restaurant har allereie fått eit rykte som den beste restauranten på Voss, no skal vi løfte restauranten enda eit par hakk!Me søkjer profesjonell Hovmester/servitør til ny og unik restaurant på Voss. Sjekk www.elva.noElva Restaurant ligg rett ved vasskanten, med fantastisk utsikt og unikt design. Her serverer vi frokost, lunsj, 3- og 7- rettars middag av særs høg kvalitet.Me treng ein dyktig og ambisiøs Hovmester som skal vere eit førebilete for dei andre servitørane og skal vere med å utvikle «Elva » til ei matoppleving utanom det vanlege. Du likar å by på deg sjølv, elsker jobben din, er glad og blid og gir ypparleg service til alle gjestane våre. Du er lett å jobbe saman med og skapar god stemning i teamet ditt.Voss er ei bygd med 15.000 innbyggjarar, plassert midt mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, 10 mil frå Bergen. Her er flotte fjell og innsjøar, to større skisenter og mange moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Her er fallskjermklubb, paragliderklubb, kajakk-klubb, stor symjehall, mange idrettslag og fleire treningssenter. Voss er spesielt godt kjent for ekstremsport og vintersport.Elva Hotell ligg sentralt, 3km frå sentrum i landlege omgjevnadar.Dine arbeidsoppgåver:Det er eit lite hotell, så vi ser etter ein fleksibel og arbeidsam person som også kan bidra med alt frå innsjekk til oppvask når det trengs.Ansvar for opplæring og leiing av servitørar og bartenderar. Om vinteren er det 3-4 servitørar, om sommaren det dobleAnsvar for rutinar for presentasjon og servering i restaurant og konferanseromPlanlegging av vaktlisterBidra med lagerkontroll, innkjøp og varetelling for drikkevarerIK mat/internkontrollFokus på berekraft i alle leddElva Hotell er eit lite hotell med berre 14 rom, og restauranten har avgrensa kapasitet. Sommaren er høgsesong med 4 kokkar og 5-6 servitørar. I vinterhalvåret er det mindre travelt, så du må vere innstilt på å jobbe nokre kveldar aleine som einaste servitør, andre gongar er det fullt hus og skikkeleg trøkk med eit større team av tilsette som du må leie.Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:Vi stiller som krav at du har arbeida som servitør i Noreg eller Skandinavia tidlegare, og har arbeidstillatelse i ordenFagbrev som servitør er ynskjelegErfaring med Nordisk/Skandinavisk kjøkkenResultat frå tidlegare stillingar i NoregDu snakkar helst eit skandinavisk språk og har gode engelskkunnskaparDu er positiv og sjølvgåande med stor arbeidskapasitetDu motiverer og inspirerer dine medarbeidararMe tilbyr:Kreativt og nyskapande arbeidsmiljøMoglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartetSentral rolle i utviklinga av hotell- og restaurant konseptFagleg utvikling innanfor Fine DiningLøn etter avtaleFast stillingRimeleg bopel i personalbolig rett ved Elva Hotell, om ynskjelegSend komplett søknad med CV, søknadsbrev der du skildrar kvifor du er den rette for denne jobben på Voss, referansar og anna info du meiner er interessant for oss. Vi vil veldig gjerne ha attestar frå tidlegare arbeidsgjevarar.Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert. Hugs at vi får særs mange søknadar, og du må difor forklare kva som gjer at du vil til Voss og ta akkurat denne utfordringa med å utvikle ELVA til ein fantastisk restaurant.Om bedriftenEit nytt designhotell er etablert på Voss. Voss Active kan no tilby ein komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur. Eit berekraftig designhotell basert på solenergi, grunnvarme og miljøvenleg materiale står klart til å ta i mot gjester frå både inn- og utland -- gjester med ynskje om å oppleva noko heilt spesielt. Voss er plassert midt i matfatet! Me kan sanke frå naturen omkring oss og er omslutta av gode produsentar som me vil ha eit tett og nært samarbeid med. Dette vil vi dele med gjestane våre.Voss Active er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 25 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Me er omlag 60 tilsette som til saman utgjer 20 årsverk. Firmaet er veldrive og ekspanderande. Send komplett søknad med CV, søknadsbrev der du skildrar kvifor du er den rette for denne jobben på Voss, referansar og anna info du meiner er interessant for oss. Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert.SektorPrivatNettsted