100% fast stilling som avdelingsleiar for helsesenteret

Lærdal kommune Se alle jobber

  • Lærdal, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 17 dager siden
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Vil du leia eit kompetent fagmiljø og sikre gode helsetenester for innbyggarane våre? Me søkjer ein tydeleg og inspirerande leiar i kombinert stilling som ser løysingar og byggjer gode team.Som leiar ved Lærdal helsesenter får du det overordna ansvaret for drift, fagleg utvikling og personal. Me er ein arbeidsplass med høgt tempo, sterkt fokus på kvalitet og har eit ynskje om å vere i front når det gjeld pasienttryggleik og tenesteutvikling.Leiarstillinga er delt likt mellom leiar (50%) og sjukepleiar (50%). Leiar vil vera sentral i å utvikla tenestene vidare i nær dialog med dei ulike faggruppene. Arbeidsstad er ved Lærdal helsesenter.Arbeidsoppgåver:Leiing: personalansvar, inkludert rekruttering, HMS og kompetanseutviklingØkonomi: Ansvar for budsjettstyring, rapportering og effektiv ressursbrukFagutvikling: Sikre at tenestene er i tråd med lovkrav og nasjonale retningslinjerSamhandling: Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenestaInnovasjon: Implementering av velferdsteknologi og nye arbeidsmetodar ved helsesenteretKvalifikasjonar:Godkjent autorisasjon som sjukepleiarVidareutdanning innan leiing eller økonomi/administrasjon er ynskjeleg, eventuelt arbeidserfaring som leiarBrei yrkesfagleg erfaring som sjukepleiarGod IT-kompetansePersonlege kvalifikasjonar:Trygg i leiarrolla og evnar å motivera medarbeidarane dineStrategisk, men samtidig eit godt blikk for den daglege driftaGode samarbeidsevner og byggjer tillit på tvers av faggrupperLøysingsorientert og handlar med ro i krevjande situasjonarRask å setja deg inn i nye oppgåver og kunnskap, også utanfor eige fagområdeMe kan tilby:Ein spennande og utfordrande jobb i eit viktig samfunnsoppdragMoglegheiter for personleg og fagleg utviklingLøn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningarEit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljøFleksitidDet kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:Full barnehagedekningGratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrumEit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Lærdal kommune

Lignende stillinger

  • Bioingeniør - fast stilling

    Helse Førde

    • Lærdal, Vestland
    Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank ved Lærdal sjukehus søkjer bioingeniør i 100% fast vaktgåande stilling. Oppstart etter avtale. Vi søkjer deg som ønskjer fagleg in…
    • 1 dag siden
  • 100% fast stilling som sjukepleiar

    ARDAL KOMMUNE PLEIE OG OMSORG ADMINISTRASJON

    • Årdalstangen, Vestland
    Ynskjer du å vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag? Årdal kommune søkjer engasjert sjukepleiar til ein meiningsfull jobb i pleie og omsorg. Er du sjukepleiar med hjartet på …
    • 8 dager siden
  • 100% fast stilling som helsefagarbeidar

    ARDAL KOMMUNE PLEIE OG OMSORG ADMINISTRASJON

    • Årdalstangen, Vestland
    Vil du vere ein viktig del av kvardagen til menneske som treng deg?Årdal kommune søkjer omsorgsfull og kompetent helsefagarbeidar til pleie og omsorg. Me leitar etter ein trygg, …
    • 8 dager siden