Lege i spesialisering anestesiologi
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Det kan også bli ledige vikarstillingar ved seksjonen. Oppstart er 1. oktober 2025, eller etter avtale.Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk ligg under avdeling for akutt, operasjon og intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus. Vi har rundt 30 anestesileger og dekker fire vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt). Vi har 9-delt tilstadesvakt i primærsjiktet, med arbeid i operasjonsavdeling, dagkirurgi, intensiv, akuttmottak og smertepoliklinikk.Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.Arbeidsoppgåver
- Ålesund sjukehus har ein kirurgisk og ein medisinsk intensivavdeling der anestesilegane har ansvaret for kirurgisk side med 10 sengar (3 reine intensivplassar) og intuberte medisinske pasientar. Sentraloperasjonen har 12 stover og har eit breidt spekter av operasjonar (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn, ortopedi samt ein stove for mindre inngrep/undersøkelsar). På dagkirugen er det øyeoperasjoner, øre-nese-hals, samt gynekologi, ortopedi, bløtkirurgi og tannbehandling. Nedre grense for anestesi til barn hos oss er 3 månedar/5 kg.
- I tillegg gir vi sedasjon/narkose i samband med ECT, MR og CT undersøkelsar, røntgen intervensjonar og elektrokonverteringar.
- Anestesilege deltek i diverse akutteam på sjukehuset (stansteam, MET, traume og akutt barneteam). Som LIS har ein og ein 6 mnd rotasjon ved seksjonen sin smertepoliklinikk.
- Norsk autorisasjon som lege
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga
- Du er strukturert
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du har gode samarbeidsevne
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
6017 ÅLESUNDNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5003212020
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2025Kontaktperson for stillingenKristen RasmussenSeksjonsleiar+47 48 00 49 11Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted