
Avdelingsleiar, Open omsorg
- Bygland, Agder
- Fast
- Fulltid
gjennomføringsevne.Vi har no ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar i open omsorg frå 13.10.2025.eller etter avtale. Vår nye medarbeider vert
ein del av leiarteamet i helse og omsorg. Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike
fagområde som sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg) habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus. Tenesta har eit leiarteam beståande av kommulasjef, 3 avdelingsleiarar og 1 rådgjevar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.Vi har fokus på å arbeide for ein heiltidskultur der alle skal ha ei løn dei kan leve av. Vi har nyleg hatt ei medarbeiderundersøkjing der 94 % av dei tilsette har svart at dei bryr seg om kvarandre og over 90 % har svart at arbeidet betyr noko spesielt for dei og at det «ikkje berre er ein jobb». Helse og omsorgstenesta i Bygland er i utvikling og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing. Open omsorg gjev heimehjelps- og helsetenester til heimebuande brukarar med varierande tenestebehov.. Avdelinga har omlag 10 årsverk, og gjev tenester til omlag 50 brukarar. Basen er tilknytt
Byglandsheimen.Vi ønskjer å fokusere på kombinasjonen "varme hender" og velferdsteknologi slik at folk skal kunne bu der dei har lyst, lengst mogleg. Kommunen er ein del av innovasjonspartnerskapet i Agder som utvikler tenester der målet er at brukarar skal oppleve tryggleik og saumlause tenester i eigen heim og på institusjon. Avdelingsleiar open omsorg vil vere sentral i å utvikle dette tilbodet saman med resten av eininga.Me tilbyr
- Ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Mentorordning og opplæring, kurs, samt moglighet for etterutdanning
- Medlemsskap i KLP
- Konkurransedyktig lønn.
- Me kan i tilegg tilby å dekke kostnad på flytting til Bygland og nybygd moderne pendlarbolig for ein
- Avdelingsleiar har hovudansvar for brukarar, samt dagleg oppfølging av økonomi, personale og fag.
- Rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.
- Turnusplanlegging.
- Sakshandsaming og medikamenthandtering i samsvar med lover og forskrifter.
- Drive opplæring og rettleiing av tilsette.
- Samarbeide med brukarar , pårørande og friviljuge.
- Samhandling på tvers av avdelingar for å sikre eit heilhetleg pasientforløp.
- Arbeide med kvalitetsforbetring.
- Vere ein pådrivar for utviklings- og endringsprosessar.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Leiarerfaring.
- Erfaring med turnusplanlegging.
- God økonomiforståelse.
- Gode digitale ferdighetar.
- Må beherske norsk både munnleg og skriftleg.
- Vidareutdanning innan ledelse.
- Det er ein fordel med kjennskap til Visma Profil EPJ, Visma Flyt Ressursstyring og Xledger
- Ein tydeleg leiarstil.
- Løysingsorientert med evne til å tenke nytt.
- Evne og vilje til endring og evne til å motivere og skape fagleg engasjement.
- Gode samarbeidsevner.
- Stor arbeidskapasitet.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.