Stipendiat i undersjøisk vulkanismeUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i undersjøisk vulkanismeVed er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i undersjøisk vulkanisme. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.Om prosjektet/arbeidsoppgåverPh.d.-stipendiaten vil få ei leiande rolle i undersøking av sedimentære gravitasjonsstraumprosessar knytt til pyroklastiske straumar frå Hunga Tonga-utbrotet i 2022. Prosjektet vil vere basert på kjerneprøvetaking frå fartøy og ROV, kombinert med AUV-operasjonar. Prøvar frå dei innsamla sedimentkjernane vil bli analyserte for ulike fysiske og kjemiske eigenskapar på land, for å bidra til å avgrense den tredimensjonale stratigrafiske oppbygginga og variasjonar i komposisjonen av avsetninga. Datasetta vil bli brukte til å undersøkje magmaoppstiging og fragmentering, dynamikken i pyroklastiske straumar og avsetjande prosessar.Ph.d.-stipendiaten vil vere ein del av eit internasjonalt samarbeidsprosjekt, og vil delta på ein ekspedisjon til Tonga ein gong i 2027. Det er òg venta at stipendiaten tek ei rolle i rettleiinga av ein masterstudent som vil ha eit relatert forskingsprosjekt med fokus på komponentanalyse og geokjemi i avsetningane.Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geologi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 16.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Grunnleggande kompetanse i magmatisk petrologi og sedimentologi/stratigrafi er eit krav.
Forskingserfaring innan geokjemi, GIS-system, marin geofysikk og/eller marin robotikk er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Om stillinga som ph.d.-stipendiatOm stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi tilbyr
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Søknaden skal innehalde
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
relevante attestar
godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.
) * eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Ryan Portner, eller instituttleiar Atle Rotevatn, ved Institutt for geovitenskap.For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, .Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen .Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.Kunnskap som formar samfunnetUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. og