Ringevikarar - Leiknes skule

NAV ALVER KOMMUNE

  • Vestland
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 1 dag siden
Om stillingaLeiknes skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.Leiknes skule er ein nyrehabilitert og moderne fulldelt barneskule med om lag 185 elevar og 25 tilsette. Skulen ligg ved Osterfjorden, 7 km køyring frå Knarvik.
Skulen er ein DUÅ- skule og jobbar kvar dag mot å nå visjonen vår: «Leiknes skule - meistring og glede i fellesskap.» Skulen sine satsingsområde er klasseleiing, lesing og førebyggjande skulemiljøarbeid med vekt på endring- og utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.ArbeidsoppgåverHovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.KvalifikasjonskravFor stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.Vi tilbyrStillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.Kontaktperson for stillingenKatrine HoplandRektor+47 92848656Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenAlver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.SektorOffentligNettsted

NAV ALVER KOMMUNE

Lignende stillinger

  • 100% stilling som avdelingsleiar ved Jondal skule

    JONDAL SKULE

    • Odda, Vestland
    Ledig fast stilling som avdelingsleiar - stillingsstorleik 100 %, frå snarast Info om skulen: Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sent…
    • 6 timer siden
  • Ringevikarar - Hordabø skule

    HORDABO SKULE

    • Vestland
    Om stillinga Hordabø skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar til skule og SFO.…
    • 1 dag siden
  • Ringevikarar - Alversund skule

    ALVERSUND SKULE

    • Vestland
    Om stillinga Alversund skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar ti…
    • 1 dag siden