Helsesekretær/Sekretær

Helse Møre og Romsdal

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Om stillingaEr du ein som likar å handtere mange ulike arbeidsoppgåver, og som framstår som løysingsorientert og positiv i arbeidsmiljøet? Då kan du vere den vi ser etter!Kontor Medisin Ålesund har no ledig to faste stillingar:
100 % fast stilling p.t. som postsekretær Medisin 2 - Ledig frå snarast
50 % fast stilling p.t. på nyre poliklinikk - Ledig frå 01.11.25Det er viktig å presisere at vi er ein seksjon, og at ved behov kan ein bli flytta på innad i seksjonen.
Vi yter tenester til fleire poliklinikkar og sengepostar innan dei ulike medisinske fagområda og nevrologi, og har eige dokumentasjonssenter.Seksjonen består av sekretærar som arbeider nokså spreidd rundt på sjukehuset, men som likevel har god kontakt med kvarandre gjennom ulike Teams-kanalar, møtepunkt og samarbeid på tvers i seksjonen ved ulike behov.Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:05.09.2025Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:ÅlesundStillingstittel:Helsesekretær/SekretærStillingar:2Heiltid / Deltid:Heiltid, DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100, 50Webcruiter-ID:5000427292Startdato:03.11.2025Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Sekretæren si rolle består overordna av service, logistikk, kommunikasjon/formidling, koordinering og forefallende arbeid
  • Hovudsaklig dagleg elektronisk pasientadministrativt arbeid i Helseplattformen som omfattar tilvising og ventelistearbeid, inbasket/oppgåvemeldingsarbeid, rapport- og arbeidslistearbeid, malarbeid og dokumentbehandling m.m.
  • Arbeidsoppgåver i skranke og telefon - vi har innført digital telefoni med call-back funksjon ved poliklinikkane våra
  • Tolkebestilling
  • Pasientreisebestilling
  • Tett samhandling med andre faggrupper
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
  • Gode datakunnskaper
  • Har du noko kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagd
Personlege eigenskapar
  • Du framstår positiv og fleksibel i arbeidsmiljøet, er imøtekomande og serviceinnstilt
  • Du har evne til samarbeid, men handterar også å arbeide sjølvstendig
  • Du tek initiativ til arbeidsoppgåver som skal løysast
  • Du har evne til å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag med mange ulike oppgåver
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Adresse: Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, NorgeKontaktinformasjonMerete RørenSeksjonsleiarE-post: Merete.Roren@helse-mr.noOm arbeidsgivarenHelse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på

Helse Møre og Romsdal