Lege i spesialisering endokrinologi, nyresjukdomar og fordøyelsessjukdomar
HELSE MORE OG ROMSDAL HF MOLDE SJUKEHUS - SOMATIKK
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Vi har to vaktsjikt for LIS-legar, LIS3-juniorsjikt (13-delt fra sommeren 2026) og LIS3-seniorsjikt (10-delt). Kvalifikasjon for LIS3-seniorsjiktet avgjerast i ei totalvurdering i vurderingskollegium etter 2 års ansiennitet, samt erfaring fra intensiv/overvåkning og kompetanse på ultralyd for indremedisinarar. Overlege er til stade på huset til kl.21, og vi har anestesilegar, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog til stade på huset heile døgnet. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikkje må bere på meir ansvar enn du bør, og du er heller aldri åleine.Vi treng no å få tre nye legar i spesialisering med på laget, ein med oppstart snarast mogleg, og to med oppstart over sommaren. Om du er interessert i endokrinologi, nyremedisin eller fordøyingssjukdomar, så er vi interessert i deg!
Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omringa av nokre av Norges flottaste fjell? Sleng inn ein søknad då!Ved eventuelle interne tilsettingar kan dette frigjere andre stillingar til aktuelle søkare.Arbeidsoppgåver
- Deltaking i gjeldande vaktordning
- Arbeid som LIS3 ved både sengepostar og poliklinikk
- Rettleiing og supervisjon av LIS1
- Du vil få mykje ansvar, men innanfor trygge rammer
- God og systematisk opplæring i vaktrelatert arbeid, samt i ultralyd for indremedisinarar
- Med bakgrunn i eigne interesser tilrettelegg vi så godt som mogleg for personleg og fagleg utvikling
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga
- Meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
- Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialisering er ein fordel
- Du er positiv
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du jobbar godt aleine og i team
- Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
- Du er strukturert og fleksibel
- Du deltek aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen, og for eit godt arbeidsmiljø
- Du er svolten på ny kunnskap og erfaring
- Ei glimrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar i ein seksjon som verdset både fagleg spisskompetanse, men også generalistkompetanse
- Spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
6450 HjelsetNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5104529044
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026Kontaktperson for stillingenTarjei Skeide RønningKonst. seksjonsleder(Lege)Kopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted