Lege i spesialisering endokrinologi, nyresjukdomar og fordøyelsessjukdomar
Helse Møre og Romsdal Se alle jobber
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Vi har to vaktsjikt for LIS-legar, LIS3-juniorsjikt (13-delt fra sommeren 2026) og LIS3-seniorsjikt (10-delt). Kvalifikasjon for LIS3-seniorsjiktet avgjerast i ei totalvurdering i vurderingskollegium etter 2 års ansiennitet, samt erfaring fra intensiv/overvåkning og kompetanse på ultralyd for indremedisinarar. Overlege er til stade på huset til kl.21, og vi har anestesilegar, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog til stade på huset heile døgnet. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikkje må bere på meir ansvar enn du bør, og du er heller aldri åleine.Vi treng no å få tre nye legar i spesialisering med på laget, ein med oppstart snarast mogleg, og to med oppstart over sommaren. Om du er interessert i endokrinologi, nyremedisin eller fordøyingssjukdomar, så er vi interessert i deg!
Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omringa av nokre av Norges flottaste fjell? Sleng inn ein søknad då!Ved eventuelle interne tilsettingar kan dette frigjere andre stillingar til aktuelle søkare.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.04.2026Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:HjelsetStillingstittel:Lege i spesialisering endokrinologi, nyresjukdomar og fordøyelsessjukdomarStillingar:3Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5104529044Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Deltaking i gjeldande vaktordning
- Arbeid som LIS3 ved både sengepostar og poliklinikk
- Rettleiing og supervisjon av LIS1
- Du vil få mykje ansvar, men innanfor trygge rammer
- God og systematisk opplæring i vaktrelatert arbeid, samt i ultralyd for indremedisinarar
- Med bakgrunn i eigne interesser tilrettelegg vi så godt som mogleg for personleg og fagleg utvikling
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga
- Meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
- Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialisering er ein fordel
- Du er positiv
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du jobbar godt aleine og i team
- Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
- Du er strukturert og fleksibel
- Du deltek aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen, og for eit godt arbeidsmiljø
- Du er svolten på ny kunnskap og erfaring
- Ei glimrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar i ein seksjon som verdset både fagleg spisskompetanse, men også generalistkompetanse
- Spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår