Stipendiat i speleothem-basert paleo-klimatologi

Universitetet i Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Stipendiat i speleothem-basert paleo-klimatologiUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i speleothem-basert paleo-klimatologiVed er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i speleothem-basert paleo-klimatologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC prosjektet FluidMICS (leder: Nele Meckler) og er finansiert av Universitetet i Bergen.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Speleothemar er viktige terrestriske klimaarkiv og det blir stadig utvikla nye metodar for å rekonstruere fortidsklima med dette arkivet. I dette prosjektet bruker vi væskeinklusjons-mikrotermometri for kvantitativ rekonstruksjon av fortidstemperatur. Metoden er basert på tettleiken av gammal dryppvann som er innkapsla i mikroskopiske væskeinklusjonar. I FluidMICS prosjektet skal vi vidare utvikle og forbetre metoden, teste den på speleothemar frå forskjellige varme klimasoner og bruke den for å rekonstruere klima gjennom sein kvartær og eldre periodar.Stipendiaten skal bidra til både metodeutvikling og klimarekonstruksjon. Du vil bli del av en forskargruppe som omfattar kollegar både i Bergen og internasjonalt. Utanlandsopphald er derfor ønskeleg.Kandidaten må være komfortabel med mikroskopi, og interessert i å forstå små skalaer (speleothem-mikrostrukturar) samt svare på store klimaspørsmål.Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap eller eit relatert fag. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 15.08.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • God kunnskap om (kvartær) paleoklima er eit krav
  • Erfaring frå klimarekonstruksjon, spesielt med speleothemar, er ein føremon
  • Erfaring frå analyse av mikro-strukturar og/eller væskeinklusjonar i karbonatar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.For stillinga gjeldt følgande:Om stillinga som ph.d.-stipendiatSamla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.08.2024.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.
) * eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg tilProfessor Nele Meckler, Department of Earth Science: .For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgiver Chris-André Karlsen Østevold, epost: .Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen .Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.Kunnskap som formar samfunnetUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. og

Universitetet i Bergen

Lignende stillinger

  • Stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi

    Universitetet i Bergen

    • Bergen, Vestland
    Stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til e…
    • 20 dager siden
  • Stipendiat i terrestrisk økologi

    Universitetet i Bergen

    • Bergen, Vestland
    Stipendiat i terrestrisk økologi. UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit s…
    • 1 måned siden