Er du sjukepleiar eller vernepleiar med ønske om langvakter?

Bømlo kommune

  • Bømlo, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Bømlo bu og helsesenter ved avdeling Post 1 Nord har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar.Me søkjer deg som er fagleg engasjert og som ynskjer å bidra til god sjukepleie og behandling av våre pasientar/bebuarar.Stillinga inneber langvaktsturnus med arbeid kvar 4 helg, dvs. ein jobbar inntil 3 langvakter på rad for så å ha langfri ei veke.Om avdelinga
Post 1 har 34 pasientrom fordelt over 3 etasjar, der kvar etg. fungerar som ei gruppe. Vårt mål er å skapa tryggleik og trivnad i eit positiv miljø for både bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:12.09.2025Arbeidsgivar:Bømlo kommuneStad:BremnesStillingstittel:Sjukepleiar/VernepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:80Webcruiter-ID:5007836775Startdato:15.09.2025Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling.
  • Gjennomføre sjukepleiefaglege prosedyrar i tråd med gjeldande rutinar og fagleg standard.
  • Delta i sjukepleiervakter og bidra til kontinuitet og kvalitet i tenestetilbodet.
  • Vere primærkontakt for utvalde pasientar, med ansvar for oppfølging og koordinering av tenester.
  • Dokumentere helsehjelp og observasjonar i elektronisk journalsystem.
  • Samarbeide tverrfagleg med tilsynslege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukehus, pårørande og andre relevante aktørar.
  • Følgje opp pasientar og pårørande med fokus på tryggleik, informasjon og støtte.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
  • Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
  • Jobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
  • Er god til å vurdere, prioritere og iverksette.
  • Har gode kommunikasjonsevner og er løysingsorientert i di tilnærming.
  • Er lojal og fleksibel.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.Vi tilbyr
  • Ein spanande arbeidsplass med varierte oppgåver og faglege utfordringar i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Mogleg medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Leif Christian Andersen.Adresse: Leirdalen 25, 5430 Bremnes, Norge

Bømlo kommune