Sjukepleiar - klar for fart, fag og fellesskap?
HELSE FONNA HF STORD SJUKEHUS
- Stord, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Langvakter opptil 12,5 time - med høgare tillegg og lengre friperiodar.
- Tredelt turnus med 16 helger per år.
- Langhelgturnus med høgare helgetillegg (47%).
🔗Les meir om Stord kommuneKva går jobben ut på?Du vil jobbe med pasientar innan hjarte-, lunge- og gastrolidingar - ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet.
- Du vil ha ansvar for oppfølging og behandling av pasientar i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper.
- Dokumentasjon, kontakt med pårørande og bidrag til fagleg utvikling er òg ein naturleg del av jobben.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ein fordel om du har erfaring frå hjarte-, lunge- eller gastropasientar - og gjerne frå kreftomsorg.
- IKT erfaring er ein fordel - men viss ikkje, sørgjer vi for god opplæring.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- er god til å sjå mennesket bak sjukdommen
- likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine
- taklar utfordringar på ein god måte, og er flink til å finne løysingar saman med andre
- er god på å snakke med folk - anten det er pasientar, pårørande eller kollegaer.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på . Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden ( ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.Kontaktinformasjon Gloria Martinsdóttir HauanArbeidsstad Tysevegen 64
5416 STORDNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4997628954
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 07.09.2025Kontaktperson for stillingenGloria Martinsdóttir HauanOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentligNettsted