
Sjukepleiar innan psykisk helsearbeid
- Nordfjordeid, Vestland
- Fast
- Deltid
Brenn du for at menneske skal oppleve respekt, likeverd, medverknad og omsorg når dei møter vanskelege periodar i livet? Då kan dette vere arbeidsstaden for deg!Nordfjord pyskiatrisenter, seksjon døgn har ledig 50% fast stilling.
Vi søkjer deg som er sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Har du ikkje denne utdanninga enno, kan vi tilby økonomisk støtte og tilrettelegging for vidareutdanning.Ved Nordfjord psykiatrisenter arbeider vi for å gi god hjelp til menneske som opplever psykiske utfordringar i ulike livsfasar. Seksjon døgn har 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette. På psykiatrisenteret er vi tre seksjonar med til saman om lag 80 tilsette, mellom andre psykologar, overlegar, lege i spesialisering, sosionom, helsesportspedagog, erfaringskonsulentar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.Les meir om Nordfjord psykiatrisenter .Vi tilbyr
- Jobbe saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver.
- Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling
- Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane
- Får vere ein del av ein større organisasjon i stadig utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ivaretaking og behandling av menneske som treng innlegging i psykisk helsevern
- Involvere pårørande i behandlinga til deira nære
- Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
- Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar
- Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våre til det beste for pasientane
- Tredelt turnus inkludert arbeid på natt, arbeid kvar 3. helg
- Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn
- Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert
- Ønskje om fagleg utvikling
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
- Autorisert sjukepleiar utan vidareutdanning kan også søkje
- Interesse for fagfeltet
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
Mari Ann Jacobsen Bruvoll, Teamleiar, 57 86 43 37Arbeidssted Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEIDNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5002793913
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktpersoner for stillingenMari Ann Jacobsen BruvollTeamleiar57 86 43 37Kopier telefonnummerSynnøve Merethe JohnsenSeksjonsleiar57 86 43 35Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.SektorOffentligNettsted