
Sjukepleiar innan psykisk helsearbeid
- Nordfjordeid, Vestland
- Fast
- Fulltid
Brenn du for at menneske skal oppleve respekt, likeverd, medverknad og omsorg når dei møter vanskelege periodar i livet? Då kan dette vere arbeidsstaden for deg!Nordfjord pyskiatrisenter, seksjon døgn har ledig 50% fast stilling.
Vi søkjer deg som er sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Har du ikkje denne utdanninga enno, kan vi tilby økonomisk støtte og tilrettelegging for vidareutdanning.Ved Nordfjord psykiatrisenter arbeider vi for å gi god hjelp til menneske som opplever psykiske utfordringar i ulike livsfasar. Seksjon døgn har 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette. På psykiatrisenteret er vi tre seksjonar med til saman om lag 80 tilsette, mellom andre psykologar, overlegar, lege i spesialisering, sosionom, helsesportspedagog, erfaringskonsulentar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.Les meir om Nordfjord psykiatrisenter .NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgivar:Helse FørdeStad:NORDFJORDEIDStillingstittel:Sjukepleiar/ sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeidStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:50Webcruiter-ID:5002793913Startdato:01.12.2025Sosial deling :Vi tilbyr
- Jobbe saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver.
- Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling
- Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane
- Får vere ein del av ein større organisasjon i stadig utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ivaretaking og behandling av menneske som treng innlegging i psykisk helsevern
- Involvere pårørande i behandlinga til deira nære
- Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
- Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar
- Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våre til det beste for pasientane
- Tredelt turnus inkludert arbeid på natt, arbeid kvar 3. helg
- Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn
- Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert
- Ønskje om fagleg utvikling
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
- Autorisert sjukepleiar utan vidareutdanning kan også søkje
- Interesse for fagfeltet
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg