Stipendiat i 3 år ved institutt for global helse og samfunnsmedisin
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Utforme og gjennomføre eit doktorgradsprosjekt innanfor ramma av prosjektet om dei politiske prosessane bak vedtaket om ny norsk abortlov i 2024.
- Bidra til utvikling av vitskaplege publikasjonar og formidling av forskingsfunn til både akademiske og ikkje-akademiske målgrupper.
- Delta aktivt i prosjektgruppa og i forskingsmiljøet ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, inkludert forskargruppa Global helseantropologi.
- Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande innan humaniora eller samfunnsvitskaplege fag som til dømes sosialantropologi, statsvitskap, sosiologi, historie eller tverrfaglege studiar som kjønnsstudiar eller helsefag. Det er òg mogleg å søkje med bakgrunn frå tilgrensande fagområde, dersom ein kan vise til tematisk relevans for prosjektet.
- Mastergrad må ha karakter A eller B
- Søkjar må ha solid erfaring med kvalitative forskingsmetodar
- Erfaringar innanfor tema reproduktiv helse og politikk vil telje positivt
- Erfaring med formidling vil telje positivt
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk er eit krav
- Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
- Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,
- Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 570 000, - (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 585 000, -. For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 605 000, -
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Prosjektskisse (inntil fem sider, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det tenkte vitskaplege prosjektet
- Litteraturliste for prosjektskissa
- Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå
- Eventuelle publikasjonar (pdf)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)