Sjukepleiar 100 % fast stilling

Sykkylven kommune

  • Sykkylven, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 måneder siden
Vi er på jakt etter ein sjukepleiar som kan bidra til å realisere avdelinga sine mål og planer! Er dette noko for deg? Då håper vi at du sender oss ein søknad!
Stillinga er lokalisert i Korttids- og rehabiliterings avdelinga som er organisert under eininga Heimetenestene.Avdelinga har totalt 14 plassar, der av 1 KAD-plass, 1 avlastningsrom og eit rom til palliasjon. Som sjukepleiar vil du arbeide tett med institusjonslege/legevaktslege, fysioterapeut, ergoterapeut, palliativteam, kreftkoordinator og sårsjukepleiar under eiga eining.Vi har følgande stilling ledig
  • 100 % fast stilling i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.08.2025Arbeidsgivar:Sykkylven kommuneStad:SykkylvenStillingstittel:Sjukepleiar 100 % fast stillingStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4990147968Startdato:01.09.2025Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Bidra til å realisere avdelinga sine mål og planar
  • Medisinhandtering og arbeid på medisinrom:
- Tillaging av og administrering av dosettar
- Infusjonar
- Antibiotikabehandling
- Injeksjonar
  • Blodprøvetaking og anna laboratoriearbeid
  • Kartlegge, utarbeide, gjennomføre, evaluere og dokumentere tiltaksarbeid
  • Dokumentasjon i pasientjournal
  • Palliativ pleie
  • Legge til rette for godt samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Sjukepleie til pasientar med samansette behov
  • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, innsatsteam og tenestekontor
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Evne og motivasjon til å halde seg fagleg oppdatert
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til journalsystemet er ein fordel (Visma profil & Sensio)
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig men og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement og evne til å arbeide strukturert
  • Motivert og serviceinnstilt
  • Har evne til å ta ansvar
  • Vere nytenkande og interessert i utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Tett fagmiljø og fagtime x 1 per veke
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.Adresse: Haugneset 16, 6230 Sykkylven, NorgeKontaktinformasjonKristine BjørnestadavdelingsleiarE-post: kristine.bjornestad@sykkylven.kommune.noGulay KarEiningsleiar Sykkylven legesenter og heimetenesterOm arbeidsgivarenSykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven

Sykkylven kommune

Lignende stillinger

  • Sjukepleiar 100 % fast stilling

    Sykkylven kommune

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Heimetenestene i Sykkylven Kommune er inndelt i to distrikt innanfor fastsatte geografiske område. I tillegg omfattast tenesta av forebygging og meistringsteam, korttids-rehabilite…
    • 3 dager siden
  • Sjukepleiar 100 % fast stilling

    Sykkylven kommune

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Om stillinga Heimetenestene i Sykkylven Kommune er inndelt i to distrikt innanfor fastsatte geografiske område. I tillegg omfattast tenesta av forebygging og meistringsteam, kort…
    • 3 dager siden
  • Sjukepleiar 100 % fast stilling

    SYKKYLVEN KOMMUNE BUAS SONER

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?Vi har no ledig 100 % fast stilling ved BUAS sone 2, med moglegheit for å vere med i eit engasjert og inkluderande te…
    • 3 dager siden