Barne- og ungdomsarbeidar, fast stilling på Tu SFO
Klepp kommune Se alle jobber
- Klepp, Rogaland
- Fast
- Fulltid
Tu skule har 200 elevar fordelt på 1.-7. trinn og 38 tilsette. På SFO er det ca. 80 born og 8 tilsette i tillegg til lærling. Skule og SFO har moderne og funksjonelle lokale som legg til rette for leik, læring og utvikling. Me er ein PALS-skule, noko som betyr at me har særleg fokus på positiv samhandling, førebygging og eit støttande læringsmiljø.Som barne- og ungdomsarbeidar på SFO vil du ha ei sentral rolle i å leggja til rette for ulike aktivitetar på SFO. Me er særleg interessert i personar med erfaring og interesse innan friluftsliv. Friluftsliv er eit satsingsområde for Tu SFO.Er du ein trygg vaksen, glad i born og vil gjera ein forskjell for borna på Tu SFO, er du velkomen til å søkja.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:13.04.2026Arbeidsgivar:Klepp kommuneStad:BryneStillingstittel:Barne- og ungdomsarbeidar, fast stilling på Tu SFOStillingar:2Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:50Webcruiter-ID:5104440562Startdato:01.08.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og skapa trivsel.
- Leia aktivitetar for grupper av born (leik, song, dans, friluftsliv, turar, lesing, kunst og handverk, skaparverkstad osv.)
- Tilretteleggja for eit trygt og godt miljø for alle borna.
- Byggja gode relasjonar med borna og hjelpa borna i å byggja relasjonar med kvarandre.
- Bidra i planlegging av innhald i SFO i tråd med rammeplanen for SFO.
- Daglege rutinar (måltid, inn og ut-sjekk, rydding).
- Delta i utviklingsarbeid og samarbeid med kollega.
- Samarbeid med føresette.
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna kompetanse kan vera aktuelt.
- Erfaring frå arbeid med born og unge.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, minimum B2.
- I tråd med Opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning for tilsetting.
- Positivt syn på born og inkludering.
- Tålmodig og omsorgsfull.
- Evne til å byggja gode relasjonar til både elevar og vaksne.
- Autoritativ vaksenstil.
- Positiv, engasjert og reflektert.
- Du må lika å vera ute og gjerne interesse for friluftsliv.
- Bidra med arbeidsglede, humor og positiv energi i arbeidsmiljøet.
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- 50 timars kurs innan friluftsliv.