Lærar, 100% fast

Etne kommune

  • Etne, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 10 dager siden
Enge skule er ein 1 - 10 skule med 435 elevar og ansvar for all vaksenopplæringa i kommunen. Det er ein avdelingsleiar for kvart steg, i tillegg har skulen SFO leiar og leiar for vaksenopplæringa. Enge skule er ein flott skule både ut og inne. Skulen har store uteområde, og ungdomssteget sitt
uteområde, Skakkeringen, er heilt nytt.
Skulen har ledig 100% fast lærarstilling f.o.m. 06.10.2025.ArbeidsoppgåverUndervisningsoppgåver i 1-10 skulen og på vaksenopplæringa.Lærar på ungdomssteget og undervisning i norsk og samfunnsfag for språklege minoritetar på vaksenopplæringa.KvalifikasjonarGodkjent lærarutdanning der norsk er eitt av faga.
Ønskeleg med formell kompetanse i norsk som andrespråk.
Søkjaren må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og beherske nynorsk som er opplæringsspråket i Etne kommune.
Gode digitale dugleikar.EigenskaparMe ynskjer lærarar som er tydelege klasseleiarar, har eit positivt elevsyn og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, med vekt på dugleik.
Det blir forventa at tilsette er engasjerte i utviklingsarbeidet til skulen.Me tilbyrEit triveleg arbeidsmiljø med god delingskultur. Me tek vare på kvarandre på Enge skule og trivst godt i lag.
Å få vere med å utvikle prosjektet grenser + forventningar = god oppvekst
Gode pensjons- og forsikringsordningar.Annan informasjonDen som blir tilsett må vise fram politiattest av nyare dato. Kopiar av attestar og vitnemål på norsk må leggast ved søknaden.Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Etne kommune

Lignende stillinger

  • Faglærar og kontaktlærar 1-10 klasse

    • Vikedal, Rogaland
    No opplever me noko heilt spesielt - fleire av våre fantastiske kollegaer skal ha barn! Difor treng me heile 5x100% lærarvikarar til både barnetrinnet og ungdomstrinnet framover. …
    • 2 dager siden
  • Sauda kommune har ledig fast stilling og vikariater som

    SAUDA KOMMUNE ADMINISTRASJON

    • Sauda, Rogaland
    Barnehagene i Sauda kommune har en 100% fast stilling som pedagogisk leder i tillegg til to ledige 100% vikariater som pedagogisk leder/barnehagelærer. Vikariatene er ledige i peri…
    • 1 dag siden
  • Ungdomsrettleiar 100% fast

    Kvinnherad kommune

    • Husnes, Vestland
    NAV KVINNHERAD - Me søkjer engasjert medarbeidar til nytt ungdomstilbod! Er du engasjert i arbeid med ungdom og ønskjer å vere med på å utvikle eit nytt og viktig aktivitetstilbo…
    • 1 dag siden