Fast stilling som Fyrstekonsulent/Rådgjevar, Odda

Kriminalomsorgen

  • Odda, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Fast stilling som Fyrstekonsulent/Rådgjevar, OddaVil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?Om stillingaKRIMINALOMSORGEN REGION VEST
Kriminalomsorgen region vest er ein etat som er underlagt Kriminalomsorgsdirektoratet, og har overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Kriminalomsorga sine verdiar er "Trygghet, Nytenkende og Åpenhet."Region vest har ca. 500 tilsette, og regionadministrasjonen sit i Bergen. Region vest administrerar fem fengsel og tre friomsorgskontor, Lyderhorn overgangsbolig og ND-senteret i Bergen.Du vil vere ein viktig og sentral bidragsytar til at eininga vert drifta og utvikla i tråd med dei målsettingane og krava som gjeld for straffegjennomføring og for førebygging av tilbakefall til kriminalitet.Friomsorga i Hordaland har hovudkontor i Bergen og lokalkontor i Odda og på Stord, med til saman 34 stillingsheimlar. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og vi legger vekt på å ha et godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.Stillinga er lagt til lokalkontoret i Odda, Ullensvang kommune.Ved kontoret i Odda er det ei og ei halv stilling. Som tilsett ved kontoret er ein knytt til eit eige team ved hovudkontoret i Bergen. Teammøte kvar veke vert til vanleg gjennomført på videokonferanse. Ein må rekna med reiser i distriktet og til hovudkontoret.Den som vert tilsett må disponera eigen bil. Ein blir godtgjort etter statens satsar.Fyrstekonsulent: Ein fyrstekonsulent skal utføre sjølvstendig sakshandsaming og ha evne til setje seg inn i problemstillingar og bidra til å utvikle området. Stillinga eignar seg for nyutdanna med høgare utdanning, men utan lang relevant erfaring frå fagområdet.Rådgjevar: Ein rådgjevar skal meistre sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving, vedtaksskriving, analyse og utvikling innanfor eit gjeve fagområde. Rådgjevar skal ha evne til å setje seg raskt inn i problemstillingar, utarbeide analysar, formidle analysar, målsetnader og resultat på ein god måte.Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming-journal, vedtak og lignande.
  • Oppfølging av domfelte som gjennomførar straff i fridom;
Samfunnsstraff, betinga dom med rusprogram, betinga dom med tilsyn, straffegjennomføring i heimen, straffedømde i institusjon, utarbeide personundersøkingar til bruk i straffesaker og prøveløslatne frå fengsel er nokon av oppgavene. * Drive innholdsarbeid som blandt anna individuelle samtaler og program for gruppar.
  • Legge tilrette for samarbeid med frivillige aktører saman med domfelte.
  • Kontrollera at domfelte overheld gjeldane vilkår.
  • Informasjonsverksemd overfor eksterne samarbeidspartnare og aktørar.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.Utdanning og erfaringDu må ha
  • Sosialfagleg høgskule. Sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog, sjukepleiar, lærer og eller annan tilsvarande/relevant 3-årig høgskule. Alternativt bestått bachelor ved Kriminalomsorgas høgskule.
  • Erfaring, kompetanse og fagleg tryggheit.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Evnen til å motivera til endring
  • God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • Førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
  • Kjennskap og erfaring frå offentleg forvaltning
  • Godt lokalt nettverk
  • Erfaring frå teamarbeid
Personlege eigenskapar
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
  • god relasjonell kompetanse
  • personleg eignadheit vil vektleggas
Vi tilbyr
  • Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Dagtidsstilling med flexitidsordning.
  • Stillinga ver lønna som 1408 fyrstekonsulent mellom kr. 466900 - 585500 eller 1434 rådgjevar mellom kr. 548600- 646000. For særleg kvalifiserte søkarar, kan høgre lønn vurderast. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjonKriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert somDet må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Rådgjevar Linda Hanevik tlf. 90097272 eller Friomsorgsleiar Morten Cornell Jacobsen tlf. 47314378.For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.Om kriminalomsorgaKriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen

Lignende stillinger

  • Familieterapeut/ psykolog/ psykologspesialist

    Bufetat

    • Odda, Vestland
    Om stillinga Ved Bergen og omland familiekontor, lokasjon Odda, har vi ledig ei fast stilling i 100 % som familieterapeut/psykolog/psykologspesialist. Hos oss vil du vere ein del…
    • 17 dager siden
  • Tannlege

    Vestland fylkeskommune

    • Odda, Vestland
    Om stillinga Vestland tannhelseteneste, Sør-Aust tannhelseområde har ledig 100% stilling som tannlege. Tiltredelse snarast råd. Tenestestad er for tida 80% ved Odda tannklinikk o…
    • 16 dager siden