
Babyboom blant dei tilsette i Vikedal skule – no treng me supervikarar
- Vikedal, Rogaland
- Midlertidlig
- Fulltid
Søk no, bli ein del av Vikedal-skulefamilien og hjelp oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre.Kva får du jobba med hos oss:
- Bidra til eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Planleggje og leie elevanes læring både i og utanfor klasserommet.
- Byggja gode relasjonar til elevar og føresette.
- Fremje elevane si læring med varierte undervisningsmetodar.
- Rettleie og støtte elevane i leik, sosial utvikling og læring.
- Ta del i eit fellesskap der med lærer, deler og utviklar oss saman.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som gir meistring.
- Engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å komma godt i gong i den nye rolla di. Nyutdanna lærarar vil få eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Kontaktlærartillegg for dei som tek på seg kontaktlæraransvar.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.
- Annen relevant pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
- Elevsentrert: Du møter elevane med respekt, varme og nysgjerrigheit, er open og lyttande, og planlegg for meistring og læring.
- Relasjonsbyggar: Du skapar tryggleik og tillit gjennom omsorg, gode relasjonar og tydelege grenser - både i klasserommet og på arbeidsplassen.
- Lagspelar: Du likar å samarbeida, deler ansvar og bidreg aktivt til eit positivt skule- og arbeidsmiljø.
- Problemløysar: Du tar ansvar, finn løysingar og handterer utfordringar på ein konstruktiv måte.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.