Ph.d.-stipendiat i global endringsøkologi
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i økologi, biologi eller liknande fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 01.01.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Relevant bakgrunn, til dømes innan planteøkologi, global endringsøkologi eller biodiversitetsvitskap, er eit krav.
- Gode ferdigheiter i handtering og analyse av økologiske eller biodiversitetsdata ved bruk av R er eit krav.
- Erfaring (t.d. gjennom masterprosjekt eller praksis) med plante-, vegetasjons- eller alpinøkologi er eit krav.
- Feltarbeidserfaring og kunnskap om planteidentifikasjon og kartlegging er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.For stillinga gjeldt følgande: Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (maks 1 side)
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.