Faglærar matematikk

Vestland fylkeskommune

  • Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 7 dager siden
ArbeidsoppgåverUndervisning i fellesfag og programfag, på både yrkesfag og studiespesialiserande i matematikk. Det kan vera aktuelt med tolærarsystem i undervisningaKvalifikasjonarTil alle undervisningsstillingar, er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Vi ynskjer ein søkjar som kan bruke digitale plattformer og digitale undervisningsformer.
Det er ynskjeleg at søkjar har fagleg fordjuping, som t.d. master og spesialpedagogisk kompetanse innan matematikk.Personlege eigenskaparDu må kunne jobbe i ein hektisk arbeidskvardag, saman med elevar og tilsette.
Du må vere opptatt av fagleg utvikling og undervisning, og vere flink til bygge relasjonar med ungdommar.
Du er utviklingsorientert og inkluderande.
Du er fleksibel.Vi tilbyrEit aktivt og stimulerande fagmiljø.
Eit godt samarbeid og eit godt læringsmiljø med rause kollegaer.
Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk.
Tilsetjing skjer på grunnlag av lov og avtaleverk.Adresse: NorgeKontaktinformasjonKjell Erik TarangeravdelingsleiarOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Undervisningsstilling (engasjement) i matematikk og naturfag

    SLATTHAUG VIDEREGAENDE SKOLE

    • Vestland
    Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærl…
    • 8 dager siden
  • Lærar i fellesfag

    ODDA VIDAREGAANDE SKULE

    • Odda, Vestland
    Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivite…
    • 17 timer siden