Tilkallingsvikar og helgestilling

VINJE SJUKEHEIM

  • Vinje, Vestfold og Telemark
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 13 dager siden
Vinje sjukeheim søkjer tilkallingsvikarar!Me treng fleire vikarar på dei ulike gruppene. Me søkjer etter deg som kan stille opp på kort varsel, eller som har moglegheit til å jobbe på ettermiddagar og helg. Dette er ein fin moglegheit til å få erfaring for deg som vurderer utdanning innanfor helse. Me har også ledige helgestillingar i ulike prosentar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.Vinje sjukeheim har tre langtidsavdelingar og ei kortidsavdeling, med til saman 34 plassar. Langtidsavdelinga med sine 25 plassar er delt inn i tre grupper, deriblant ei skjerma avdeling for personar med demens. Kortidsavdelinga består av 9 plassar, der 2 av plassane er akuttplassar for Tokke og Vinje kommune. Ved Vinje sjukeheim skal me sørge for at innbyggjarar i Vinje med behov for heildøgnspleie, meistring og omsorg mottar eit best mogleg tilbod, og der me jobbar kontinuerleg med å auke kvaliteten i tenesta.Arbeidsoppgåver
  • Omsorg og pleie til sjukeheimsbebuarane
  • Miljøtiltak ovanfor bebuarane
  • Praktiske oppgåver i avdelinga, som smøring av mat, oppvask, rydding o.l
Kvalifikasjonar
  • Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
  • Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
  • Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Du tar initiativ og ynskjer å lære
  • Du har interesse for eldreomsorg
  • Du snakkar og forstår norsk godt
  • Du er stabil
Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetjing.Personlege eigenskapar
  • Du har fagbrev som helsefagarbeidar
  • Du er elev/student innan helsefag og ynskjer arbeidserfaring
  • Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim
  • Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande nivå B2
Me tilbyr
  • Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Kontaktinformasjon Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24,Arbeidsstad Vinjevegen 212
3890 VinjeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5005815029
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 15.09.2025
Søknadsfrist: 17.09.2025Kontaktperson for stillingenHanne Kristin FinkenhagenAvselingsleiar langtidsavdelinga+47 99 25 16 24Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVinje sjukeheim har eit godt tverrfagleg team rundt seg, i samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, demenskontakt, kjøkkenassistentar og frivillige. Me har ei god samansetning av godt erfarne pleiarar, og yngre og nyutdanna krefter.Langtidsavdelinga på sjukeheimen består av 25 sengeplassar fordelt på 3 grupper. 13 plassar er tilrettelagt for personar med kognitiv svikt og demens. Ei langtidsavdeling med 12 sengeplassar, der pasientane får pleie og stell gjennom heile døgnet. Det er legevisitt tre dagar i veka av fast tilsynslege.SektorOffentligNettsted

VINJE SJUKEHEIM

Lignende stillinger

  • Tilkallingsvikar

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Om stillinga Vil du vere tilkallingsvikar i barnehagen ved Øyfjell oppvekstsenter? Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg…
    • 10 dager siden
  • Tilkallingsvikar

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Om stillinga Vil du vere tilkallingsvikar ved skulen på Øyfjell oppvekstsenter? Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i …
    • 10 dager siden
  • Tilkallingsvikar

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Vil du vere tilkallingsvikar i barnehagen ved Øyfjell oppvekstsenter? Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje …
    • 10 dager siden