Kabuso og Ingebrigt Vik museum er ein kunstinstitusjon som har ope heile året med varierande kunstutstillingar, konsertar og publikumsarrangement. Kabuso har i tillegg eigen kafé og butikk.Frå medio juni 2026, har Kabuso ledig fast 24,3% stilling i kafé/resepsjon. I tillegg vil arbeidet også omfatte publikumsarrangement.Kabuso ser etter den som har kunnskap og interesse for kunst og musikk, og evner å formidle på norsk og engelsk. Du må beherske grunnleggande digitale verktøy, ha gode samarbeidsevner og like å arbeide med publikum.Arbeidet er fordelt på vaktplan med fast arbeid kvar tredje helg, frå fredag til sundag, i løpet av året. For sommarsesong kommer i tillegg tre vekers arbeid tilsvarande full stilling. Samla for året, utgjer dette 24,3% stilling.Det er ein fordel med erfaring frå tilsvarande arbeid eller verksemd, men ikkje noko krav!Kontaktperson for stillingenSissel LillebostadAvdelingsleiarKopier e-postadresseOm bedriftenKunsthuset Kabuso vart opna i januar 2006, som Hordaland Fylkeskommune sin tusenårsstad, og ligg i Øystese, Hardanger.Kabuso er eit kunsthus som presenterer skiftande kunstutstillingar og konsertar. Kabuso er ei avdeling i Stiftinga Hardanger og Voss Museum.SektorPrivat