Lege i spesialisering i radiologi

Helse Møre og Romsdal

  • Hjelset, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Ønskjer du ei spennande LIS-stilling i radiologi, med variert praksis og gode utviklingsmoglegheiter? No har du sjansen!Sjå video frå vår avdelingRadiologisk avdeling ved sjukehusa Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga. Vi har nettopp flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) med topp moderne utstyr og mellom anna fylkets første 3 Tesla MR.Vi har no ledig fast stilling og 1-års vikariat som LIS i radiologi, med oppstart 01.11.2025 eller etter avtale.Radiologisk avdeling ved Hjelset/Kristiansund er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikerte overlegar og eit godt, inkluderande LIS-miljø.Opplæring skjer hovudsakleg ved Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Aktuelle søkjarar kan bli kontakta fortløpande for intervju.Arbeidsoppgåver
  • Opplæring og arbeid med røntgen, CT og ultralyd
  • Etter kvart delta i radiologiske intervensjonar og MR-opplæring
  • Beskrive bilete og utføre ultralydundersøkingar
  • Kommunisere med klinikarar om undersøkingar
  • Presentere bilete for klinikarar
  • Deltaking i vaktordning (for tida åttedelt), med tilstadevakt og overlege i bakvakt (delvis heimevakt)
Kvalifikasjonar
  • Gyldig norsk autorisasjon som lege
  • Norsk LIS1 eller fullført turnusteneste etter tidlegare ordning
  • Meistre norsk, svensk eller dansk, med god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
  • God klinisk forståing
  • Evne til å samarbeide tett med ulike faggrupper
  • Interesse for fagleg utvikling og læring
Personleg egnaheit vil vektleggjast ved tilsetting.Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og RomsdalenDen fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og NordmøreKontaktinformasjon Thomas Alexander Bremnes, Seksjonsleiar, 71116093,
Odd Arne Haram, Avdelingssjef lege, Radiologi,Arbeidssted Opdølvegen 4
6450 HjelsetNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5002322964
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 15.10.2025Kontaktpersoner for stillingenOdd Arne HaramAvdelingssjef lege, RadiologiKopier e-postadresseThomas Alexander BremnesSeksjonsleiar71116093Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss påSektorOffentligNettsted

Helse Møre og Romsdal

Lignende stillinger

  • Lege i spesialisering barnesjukdomar

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Vi har ledige stillingar for lege i spesialisering innan barnesjukdomar! 100% fast 100% vikariat frå snarast Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke b…
    • 2 dager siden
  • Lege i spesialisering

    Helse Møre og Romsdal

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Er du lege og har ønske om spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri? Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har ly…
    • 9 dager siden