Ferievikar i habiliteringstenesta i Alver kommune!På jakt etter ein meiningsfull sumarjobb?Kort om stillinga som ferievikarHar du erfaring frå før, eller er du på jakt etter din aller første sumarjobb i helsesektoren? Hos oss får du jobbe med menneske – og lære masse nytt undervegs!Du har kanskje helsefagleg bakgrunn, men det er ikkje eit krav - vi lærer deg det du treng å vite! Vi søkjer både deltids- og heiltidsansatte. Vi treng deg mest i perioden veke 25-33.,Arbeidsoppgåver - kva går jobben ut på?Du blir ein viktig del av kvardagen til menneske med ulike funksjonsnedsettingar. Arbeidsoppgåvene kan vere:
Å støtte tenestemottakarar i kvardagen
Vere med på aktivitetar – alt frå handling og turar til spel og prat
Miljøterapeutisk arbeid
Sikre ein god heim å vere i
Gje hjelp i daglege gjeremål
Legemiddelhandtering (dersom du har autorisasjon / kompetanse til dette)
Rapportering munnleg og skriftleg
Samarbeid med pårørande og andre eventuelle samarbeidspartar
Løn og tillegg - kva får du?Kven passar jobben for?Deg som:
likar å jobbe med mennesker
er trygg, roleg og positiv
jobbar godt saman med andre
er påliteleg og fleksibel
KompetansekravKvar treng vi deg?PolitiattestI tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Bli kjent med oss!Vi er AlverVelkommen til Alver kommune!Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.