Ferievikar - sjukeheimstenesta

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Alver, Vestland
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 1 måned siden
Ferievikar - sjukeheimstenestaVil du vere ferievikar på sjukeheim?Kort om stillinga som ferievikarAlver kommune søkjer deg som vil vere ferievikar på ein av sjukeheimane våre. Vi treng deg mest i perioden veke 25- 33.Du har kanskje helsefagleg bakgrunn, men det er ikkje eit krav!Dersom du skal ha ferie i perioden veke 25 - 33, må du opplyse om dette i søknaden.Løn:
Som assistent vil du minimum få ei timeløn på kr 215,-.
Som sjukepleiar-/vernepleiar -student vil du kunne få høgare lønn, avhengig av kor mange studiepoeng du har bestått.I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06. Du får óg anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg.Aktuelle avdelingarArbeidsoppgåverSom ferievikar ved sjukeheimstenesta skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til bebuarar med plass på sjukeheim. Arbeidsoppgavene vil være for eksempel stell og pleie, tilbereding av mat og aktiviteter.Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i gjeldende journalsystem.KompetanseAutorisasjon som helsefagarbeidar
Autorisasjon som sjukepleiar
Sjukepleiarstudentar
Andre med erfaring eller ønskje om erfaring kan og søkje.Du har gjerne relevant erfaring, studier eller skulegang.
Du trivs med å arbeide med mennesker, og har eit ønskje om å utgjere ein forskjell for både bebuarar og kollegaer. Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre vert vektlagt. Du må også vere påliteleg og fleksibel.Vi tilbyrPolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Vi er AlverBli kjent med Alver kommuneVelkommen til Alver kommune!Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.Omsorgsbustad pluss på Manger og Ostereidet er òg organisert under sjukeheimstenesta. Der er det henholdvis 21 og 28 leiligheter. I omsorgsbustad pluss bur brukar i eigen heim og mottar tenester ut frå hjelpebehovet.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.

Nordland fylkeskommune