Sjukepleiar - 100 % - Såta bu- og servicesenter

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Alver, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Sjukepleiar - 100 % - Såta bu- og servicesenterSjukepleiar med hjarte for fag og folk? Vi vil ha deg!Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenterEr du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg. Vi har årsturnus.Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar.Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.Om Såta bu- og servicesenterI september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
  • Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
  • Utføring og oppfølging av til dømes:
  • legemiddelhandsaming
  • ADL
  • sårstell
  • ernæring og væskebehandling
  • lindrande behandling
  • Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
  • Veileding av kollegaer og studentar
  • Samarbeid med pårøyrande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Kven er du?Me søkjer sjukepleiare som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.Vi tilbyrPolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Vi er AlverBli kjent med Alver kommuneVelkommen til Alver kommune!Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.Sjukeheimstenesta har også tilsett eigne sjukeheimslegar.

Nordland fylkeskommune