Stipendiat i modellering av kopla geodynamikk - glasial erosjon
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Bruk av kopla geodynamiske-glasiale-fluviale erosjonsmodellar for å kvantifisere utviklinga av inaktive fjellkjeder og samanlikne modellresultat med fjellkjeder på jorda.
- Integrering av numeriske modellar tilpassa Sør-Noreg og Grønland med eksisterande datasett for å undersøkje korleis landskapa har blitt danna.
- Presentasjon av resultat på internasjonale konferansar.
- Publisering av resultat i fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift.
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap som er relevant for prosjektet. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Opplæring i anten bruk og utvikling av numeriske modellar, eller i ein kvantitativ tilnærming til geovitskap, er eit krav.
- Grunnleggjande programmeringskunnskapar, til dømes i Python, Matlab eller eit anna programmeringsspråk, er eit krav
- Erfaring med geodynamisk og/eller landskapsutviklingsmodellering er ein fordel.
- Erfaring med tektonikk eller glasier-dynamikk er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)