Bioingeniør med sans for IKT - søk og bli vår nye fagansvarlege

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

  • Haugesund, Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 10 dager siden
Hos oss får du kombinere fagleg innsikt med teknologiforståing - og vere ein viktig del av utviklinga i immunologi og transfusjonsmedisin.Vi ser etter deg som er ryddig og grundig, men også nysgjerrig og praktisk anlagt. Du har evne til å halde oversikt i eit mangfaldig fagfelt, samtidig som du får auge for detaljane som sikrar kvalitet. Når utfordringar oppstår, møter du dei med ro og nøyaktigheit - og du likar å finne smarte løysingar saman med kollegaene dine.Hos oss verdset vi kvalitet i arbeidet vårt, og seksjonen er akkreditert etter ISO-standard 15189. Dette er eit spennande fagfelt med varierte oppgåver. Vi nyttar ProSang til transfusjonsmedisin og Unilab til immunologi.Som fagansvarleg IKT blir du ein del av leiarteamet - med ei sjølvstendig rolle i IKT-arbeidet og eit ansvar som verkeleg gjer ein forskjell.👉 Klar for å ta steget? Søk no - vi gler oss til å bli kjent med deg!Ved intern tilsetjing kan det bli ledig fast stilling innan same fagområde. Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å bli vurdert til dette. Vi kallar inn kandidatar til intervju fortløpande. Oppstartsdato avtaler vi saman - vi ser gjerne at du kan starte så snart som mogleg.Kva går jobben ut på?Som fagansvarleg IKT hos oss vil du:
  • Gi brukarstøtte, dokumentere og koordinere laboratorieinformasjonssystema med tilhøyrande mellomvarer.
  • Overvake, teste, rette feil og bidra til utvikling og integrasjon mot andre IKT-system.
  • Sørgje for nødvendige prosedyrar, opplæringsplanar og rettleiing av kollegaer, nytilsette og studentar.
  • Fremje brukarane sine behov, vere rådgivar for leiinga og bindeledd mellom seksjonen og interne/eksterne IKT-partnarar.
  • Delta aktivt i kurs, fagmøte og internundervisning - og samarbeide tett med andre IKT-ressursar både lokalt og regionalt.
  • Bidra i seksjonen sine daglege rutinar ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Kunnskap og erfaring innen immunologi og transfusjonsmedisin vil bli vektlagt
  • Ferdigheiter og erfaring innen IKT vil bli vektlagt
  • Interesse for IKT og kunne tilegne seg kunnskap gjennom grundig opplæring
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlig egnethet vil bli vektlagtKva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø, og held roen sjølv når tempoet er høgt
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø, og støttar kollegaene dine
  • har gode vurderingsevner, jobbar nøyaktig og tek ansvar for kvalitet i oppgåvene
  • er påliteleg og til å stole på
  • ser kva som må gjerast, og tilbyr gjerne hjelp - samtidig som du tek imot støtte frå andre
  • tilpassar deg endringar lett, og finn løysingar når nye utfordringar dukkar opp
  • har kapasitet til å stå i krevjande situasjonar utan å miste oversikta
Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du:
  • Ein spennande jobb i eit variert fagfelt med mykje utvikling.
  • Jobba i moderne lokale i heilt nytt laboratorium, med topp fasilitetar.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre.
  • Høve til å vere del av leiarteamet og ha eit sjølvstendig ansvar.
  • Tryggleik i at vi er akkreditert etter ISO 15189 og set kvalitet høgt.
Kontaktinformasjon Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280,Arbeidsstad Karmsundgata 120
5528 HAUGESUNDNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5006962857
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.09.2025Kontaktperson for stillingenAnita LarsenFunksjonsleder+47 52732280Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentligNettsted

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS