Rektor Onarheim skule

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Tysnes, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Rektor Onarheim skuleBlir du med å skape framtida som rektor i Tysnes?Tysnes kommune har ledig 100 prosent fast stilling som rektor. Stillinga byr på spennande og utfordrande leiaroppgåver med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.Onarheim skule er ein fådelt skule med ca. 30 elevar på 1.-7. årstrinn og 5 tilsette. Det er SFO-tilbod ved skulen. Rektor har ein administrativ ressurs på omlag 50 prosent, resten av stillinga er undervisning.Rektor er ein del av kommunalsjef oppvekst si leiargruppe. Det vert halde jamlege rektormøter med fokus på samarbeid og felles utvikling av Tysnesskulane. Søkar må vere oppdatert rundt tema om skuleutvikling og læreplanforståing, og ha evne til å bruke denne kunnskapen i utviklinga av skulen og samarbeid med andre. Me har stort fokus på utvikling og samarbeid rundt heile oppvekstområde.Arbeidsoppgåver
  • Vidareutvikle skulen sitt fagelege felleskap, og sikre at arbeidet med læringsoppdraget og eit trygt og godt læringsmiljø er systematisk og målretta.
  • Vere ein synleg leiar som set klare mål og forventningar for framtidas skule, og som har evne til å gjennomføre det som blir bestemt.
  • Bidra til ein aktiv innovasjons- og delingskultur gjennom brei involvering i utviklingsprosessar.
  • Drive systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid i samarbeid med dei tilsette.
  • Leie ei tilsettgruppe som mobiliserer sin kompetanse til det beste for elevane si læring.
  • Bygge skulen sitt omdømme og plass i lokalmiljøet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette.
  • Sørge for optimal ressursutnytting i samsvar med mål og forventningar.
  • Undervisning utgjer omlag 50 prosent av stillinga.
Kvalifikasjonskrav
  • Godkjent pedagogisk og undervisningskompetanse, samt erfaring frå undervisning.
  • Relevant leiarerfaring/-kompetanse er ein føremon
  • Erfaring med målretta utvikling i skulen og verksemdsstyring er ønskeleg
  • Kjennskap til lov og avtaleverk
  • God system- og rolleforståing
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i Tysnes er nynorsk
  • God digital kompetanse
Før tiltreding må det leggast fram politiattest i tråd med opplæringslova § 17-11.Personlege eigenskaparKvifor skal du jobba hos oss?Blir du blir motivert og engasjert av å arbeide i eit læringsfellesskap som jobbar for å gje alle elevane våre ei oppleving av å meistra og høyra til? Då trur me at du vil trivast hos oss! Me er opptekne av det samla samfunnsoppdraget til skulen og korleis me kan utøve det best mogleg for elevar og tilsette. I rektorgruppa har me eit godt og støttande profesjonsfellesskap, som jobbar tett om skuledrifta, utvikling og satsingsområde. Det er viktig for oss at alle i Tysnesskulane skal oppleve å vere ein del av eit sterkt prosesjonsfellesskap med gode relasjonar til elevane, og me jobbar for å bygge gode team der me nyttar den interne kompetansen best mogleg.Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i SPK - Statleg pensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søka om bustadlån med gunstige vilkår.Stillinga er lønsplassert i kapittel 3.4.2, med årlege lønsjusteringar etter lokale forhandlingar. Stillinga er unormert og det vert såleis tildelt 5 kompensasjonsdagar per år.I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennomSynes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.Informasjon til søkarSøkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.Om TysnesDraumen om livet på landet finn du på Tysnes!Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjesamband mot nord og sør.Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Nordland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Lyst å leie og utvikle Nore neset ungdomsskule?

    NORE NESET UNGDOMSSKULE

    • Hagavik, Vestland
    Vår gode rektor blir pensjonist og vi treng ein erstattar. Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Nore Neset ungdomsskule frå 01.08.26. Vi søker deg som ønsker å vere me…
    • 9 dager siden
  • Avdelingsleiar 100 %

    Kvinnherad kommune

    • Kvinnherad, Vestland
    Avdelingsleiar - Halsnøy skule Vil du vere med og utvikle ein skule der både elevar og tilsette opplever meistring, trivsel og tilhøyrsle? Halsnøy skule søkjer ein engasjert og…
    • 12 timer siden
  • Miljøkoordinator

    Vestland fylkeskommune

    • Kvinnherad, Vestland
    Om stillinga Kvinnherad vidaregåande er ein kombinert vidaregåande skule med eit variert tilbod av yrkesfag og studiespesialiserande programfag. KVV har som mål å vere ein tydele…
    • 9 dager siden