Utan deg, ingen løn i Solund Kommune

  • Hardbakke, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Solund kommune har behov for ein løns- og økonomimedarbeidar i 100% fast stilling. Vi har omlag 150 tilsette som skal ha løn kvar månad, og køyrer også løn for Fjordane Friluftsråd KO og Solund sokneråd. Til stillinga vil det også ligge kontrolleroppgåver mot kommunerekneskapen. Økonomikontoret i Solund er eit lite fagmiljø med eit godt arbeidsmiljø Vi ser etter deg som er strukturert og sjølvstendig. Du har gjerne 3-årig relevant høgare utdanning, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring med løns- og økonomisystemet Visma Enterprise Plus vil vere ei føremon.Vi tilbyr:· Variert, tverrfagleg samarbeid· Løn iflg. tariff· Kjekke kollegaer· Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor· I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut.Om dette verkar spanande og du har relevant utdanning eller erfaring, slå gjerne på tråden til stabsleiar Amund. Han gler seg til å høyre frå deg! Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenAmund AglenStabsleiar+47 404 92 908Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSolund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQSektorOffentlig

NAV

Lignende stillinger

  • Utdanningsstillingar

    Gulen kommune

    • Eivindvik, Vestland
    Utdanningsstillingar Gulen kommune Vil du bli barnehagelærar, sjukepleiar eller vernepleiar, og ynskjer å sikre deg ein 100% fast stilling etter fullført studie? Sjekk ut ann…
    • 30 dager siden
  • Psykolog, 100% fast stilling

    Gulen kommune

    • Eivindvik, Vestland
    Psykolog, 100% fast stilling Gulen og Masfjorden kommune Om stillinga Gulen og Masfjorden kommune har gjennom vertskommunesamarbeid ledig 100% fast stilling som kommunepsykol…
    • 2 måneder siden
  • Miljøarbeidar, i inntil 100% vikar

    Gulen kommune

    • Gulen, Vestland
    Miljøarbeidar, i inntil 100% vikar Miljøtenesta Om stillinga Gulen kommune, for tida ved Miljøtenesta, har ledig i inntil 100% vikarstilling som miljøarbeidar frå snarast til…
    • 6 dager siden