Pedagogisk leiar

Ål kommune Se alle jobber

  • Ål, Viken
  • Fast
  • Fulltid
  • 23 dager siden
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar, med storleik på 2 til 6 avdelingar. Alle barnehagane har tilsett styrarar med barnehagelærarutdanning, vi har pedagogar med barnehagelærarutdanning, og vi har mange dyktige og gode fagarbeidarar og barnehagemedarbeidarar, som kvar dag er på arbeid for barna i kommunen.Arbeidsoppgåver:Som pedagogisk leiar i Ål kommune er du ansvarleg for å leie og iverksette det pedagogiske arbeidet på ei avdeling. Du vil arbeide i tett samarbeid med dei andre tilsette, både i leiarteam, i avdeling og på tvers av avdelingar, og du vil få god støtte frå styrar. Du er med på å skape eit trygt og godt miljø for alle våre barn gjennom leik, læring, omsorg og danning. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.Kvalifikasjonar:
  • Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
  • Heldt deg fagleg oppdatert.
  • Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage.
Personlege eigenskapar:Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:
  • Brenn for barnehageyrket og barnas beste.
  • Er glad i barn og har evne til å arbeide relasjonelt med barn.
  • Er ein leikande vaksen, som har høg respekt for barnas leik.
  • Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
  • Kan uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk).
Vi tilbyr:
  • Ein barnehage som arbeider for å ha eit fagleg miljø med breidde.
  • Fadder på arbeidsplassen.
  • Personalgrupper som arbeider for å vidareutvikle seg.
  • Ulike ressursar utover grunnbemanning, som er knytt til språk, tidleg innsats, møteressurs, vikarressurs.
  • Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
  • Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
  • Ein kvardag der psykologisk tryggleik har ein naturleg plass.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Lønn og arbeidsforhold er regulert av Hovudtariffavtala.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
Søknad og politiattest:
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar.

Ål kommune

Lignende stillinger

  • Pedagogisk leder - 100% vikariat

    HOL BARNEHAGE

    • Hol, Viken
    Vil du være med å skape gode opplevelser for barn i et trygt og naturnært miljø? Hol barnehage har nå ledig et 100 % vikariat fra 14.05.2026 til 31.03.2027. Barnehagen ligger mid…
    • 20 dager siden
  • Pedagogisk leder - 100% vikariat

    Hol kommune

    • Hol, Viken
    Vil du være med å skape gode opplevelser for barn i et trygt og naturnært miljø? Hol barnehage har nå ledig et 100 % vikariat fra 14.05.2026 til 31.03.2027. Barnehagen ligger mid…
    • 20 dager siden
  • Instruktør for kjøkken og salg

    UNG INVEST AIB AVD HALLINGDAL

    • Gol, Viken
    Har du et brennende engasjement for ungdom? Ledig 50% vikariat som instruktør for kjøkken og salg hos UngInvest AIB avdeling Hallingdal, skoleåret 26/27 Om UngInvest AIB UngI…
    • 6 dager siden