
Ph.d.-stipendiat i samanliknande mitokondriedynamikk ved Matematisk institutt
- Bergen, Vestland
- Fast
- Fulltid
- Mitokondria driv komplekst liv. Dei er svært dynamiske og beveger seg gjennom cella med rask og kompleks kollektiv rørsle – sjå gjerne
- Prosjektet er ein del av det NFR-finansierte prosjektet «MitoPhyto», som kombinerer eksperimentelle og modellbaserte tilnærmingar for å utforske mitokondrieåtferd. Stillinga er knytt til Matematisk institutt, medan laboratoriearbeidet vil finne stad ved Michael Sars-senteret.
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan cellebiologi, biomatematikk eller eit samanliknbart fagområde, eller ha levert masteroppgåve innan eit slikt tema til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Søkjarar må kunne vise evne til å ta i bruk tverrfaglege tilnærmingar til biologi på høgt forskingsnivå, med kombinasjon av laboratoriearbeid og databasert analyse.
- Erfaring med levande celle-konfokalmikroskopi er ein fordel.
- Erfaring med kvantitativ cellebiologi og datamodellering, særleg ved bruk av R, er ein fordel.
- Erfaring med anvend statistikk er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.