Om stillingaKreftgenomikk er ein avdeling i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk og består av to seksjonar; Blodgenomikk og Tumorgenomikk. Avdelinga nyttar ulike molekylære analysemetodar på kromosom, DNA og RNA nivå for å undersøke endringar i genomet som er viktige for diagnostikk og behandling. Laboratoriet er akkreditert ihht ISO 15189 standarden. Helse Bergen HF er eit infrastruktur for presisjonsdiagnostikk (InPreD) nivå 1 sjukehus hvor Kreftgenomikk har ei sentral rolle i utprøving, utvikling og innføring av nødvendige laboratorieanalysar for presisjonsmedisin.Avdelinga er ein av åtte einingar i Laboratorieklinikken. Kreftgenomikk samarbeider tett med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft, Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse (helsesekretær, bioingeniørar, molekylærbiologar og legar).Vi har ledig to 100% vikariatar. Ein stilling ved Blodgenomikk som utfører genetisk diagnostikk av blodsjukdommar og ein ved Tumorgenomikk som utfører genetisk diagnostikk av solide svulstar. Blodprøvetaking kan inngå i stillinga.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:20.04.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:Bioingeniør/ AvdelingsingeniørStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5084228317Startdato:01.06.2026Sluttdato:31.05.2027Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Stillinga vil hovudsakleg ha arbeidsoppgåver og ansvar knytta til dagleg analytisk drift. Dette kan omfatte prøvehandtering av fiksert formalinnstøypt materiale (FFPE), cytologisk materiale og ferskt materiale, nukleinsyre ekstraksjon, celledyrking, kromosomanalyse, FISH, kvantitativ PCR, sanger-sekvensering, fragment-analyse, smeltekurvsanalyse, genuttryksanalysar, neste generasjons sekvensering og dagleg vedlikehald av instrumenta
Oppgåver som innber ansvar for instrumentdrift, analytisk kvalitetskontroll og deltaking i metodearbeid kan inngå
Ein må halde seg fagleg oppdatert innan avdelinga sitt fagspesifikke område
Bidra i laboratoriets rutinar for blodprøvetaking
Kvalifikasjonar
Søkar må ha godkjend norsk autorisasjon som bioingeniør eller minimum bachelor i molekylærbiolog/biokjemi/bioteknologi/genteknologi, samt relevant arbeidserfaring
Det er ønskeleg med erfaring frå genetisk arbeid og molekylærbiologiske teknikkar
Det vil og vere ein fordel å ha kjennskap til avdelingas analysemetodar, samt programvare som nyttast ved avdelinga
Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Stillinga føreset evne til sjølvstendig og nøyaktig arbeid og det vil bli lagt vekk på personlege eigenskapar, samarbeids- og kommunikasjonsevner
Søkar må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø under oppbygging
Søkar må ha god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Utfordrande arbeidsoppgåver
Høgt fagleg nivå
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKlikk for å leggje til kartKontaktinformasjonRandi HovlandAvdelingssjefE-post: Randi.hovland@helse-bergen.noKristin Dahl-MichelsenSeksjonsleiarE-post: Kristin.dahl-michelsen@helse-bergen.noHilde Myhre MælandSeksjonsleiarE-post: hilde.myhre.meland@helse-bergen.noOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.