Om stillingaAvdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012.Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Ved avdelinga er det ledig eit årsvikariat som bioingeniør, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytta til Seksjon for celleterapi. Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, der ein òg må delta i beredskapsvakter på ettermiddag.I stillinga som bioingeniør vil ein få utfordrande og varierte oppgåver knytte til stamcellebehandling. Seksjon for celleterapi handterer og prosesserer celleterapiprodukt av høg kvalitet på oppdrag frå Seksjon for blodsjukdomar, Kreftavdelinga og Barne- og ungdomsklinikken. For å ivareta høge kvalitetskrav har seksjonen godkjenningar frå helsemyndigheitene og er akkreditert av JACIE (Joint Accreditation Committee ISCT-Europe & EBMT), Europas offisielle sertifiseringsorgan innan hematopoietisk celletransplantasjon og cellulær terapi. Seksjonen er framtidsretta, og det pågår fleire spennande prosjekt, også innan immunterapi. Det er planlagt innflytting i nye GMP-klassifiserte lokale i løpet av 2026.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.04.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:BioingeniørStillingar:1Tilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5104372905Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Delta i dagleg drift ved seksjonen, inkludert mottak, prosessering, lagring, distribusjon og infusjon av celleterapiprodukt
Delta i beredskapsvaktordning (ettermiddag)
Mottak og handtering av celleprodukt frå inn- og utland
Delta i beredskapsordning for mottak av stamcelleprodukt frå eksterne donorsenter
Bidra til vedlikehald og vidareutvikling av prosedyrar
Bidra i arbeid relatert til JACIE-akkreditering, kvalitetskontrollar, og forbetringsarbeid
Delta i blodprøvetaking av inneliggande pasientar
Andre oppgåver kan tilkome
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som bioingeniør
Annan relevant utdanning på masternivå, med relevant arbeidserfaring kan vurderes
Arbeidserfaring frå eit akkreditert laboratorium er ein fordel
Erfaring fra celleterapi, stamcellehåndtering, transfusjonsmedisin eller annen relevant laboratorievirksomhet er en fordel
God kjennskap til kvalitetssystemer (f.eks. JACIE, GMP, Forskrift om håndtering av humane celler og vev er ønskelig)
Personlege eigenskapar vert vektlagd
Må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Strukturert, nøyaktig og kvalitetsmedviten
Trivst med arbeid i regulerte prosessar og etter standardiserte prosedyrar
Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team
Ansvarsmedviten og sjølvstendig
Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
Har engasjement for fagfeltet og ønskje om å vidareutvikle kompetansen
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Eit aktivt og triveleg miljø
Høgt fagleg nivå
Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte mearbeidarar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ønska oppstart 04.05.2026 eller etter avtale.Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKlikk for å leggje til kartKontaktinformasjonMarta VorlandAvdelingssjefOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.